Ron Carter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ron Carter
Ron plays.JPG
Carter i Kharkiv i Ukraina i 2008
Fødd 4. mai 1937 (80 år)
Ferndale
Instrument Kontrabass
cello
piccolobass
elektrisk bass
Sjanger Orkesterjazz, mainstream jazz, Third Stream, avantgarde jazz
Aktive år 1960 til i dag
Yrke Professor, jazzmusikar
Plateselskap Blue Note, CTI, Embryo, Prestige, Milestone, Sunnyside
Nettstad roncarter.net

Ron Carter (fødd 4. mai 1937) er ein amerikansk jazz-bassist. Han er ein av dei mest innspelte bassistane gjennom jazzhistoria. Carter speler òg cello og har mange gonger vore med på plate med det instrumentet.[1] Han vart valt ut til Down Beat Jazz Hall of Fame i 2012.[2]

Carter har òg spelt mykje klassisk musikk og har spelt med mange symfoniorkester over heile verda. Han spelar nesten berre akustisk bass, men spelte ei kort stund elektrisk bass seint i 1960- og tidleg i 1970-åra.

Carter byrja å spele cello då han var ti år gammal. Men då familien flytta frå Ferndale til Detroit, fekk Carter problem med hudfargen og at han spelte cello, og byta derfor til bass. Han spelte i Eastman School's Philharmonic Orchestra, og tok eksamen der i 1959. Han flytta til New York og spelte i Chico Hamilton sin kvintett med Eric Dolphy, samstundes som han gjekk på Manhattan School of Music. Carter tok mastergrad der i 1961. Etter Hamilton flytta attende til Vestkysten i 1960, vart Carter verande i New York og spelte med Dolphy og Don Ellis, og spelte inn dei første platenen sine med dei. Han arbeidde med Randy Weston og Thelonious Monk, medan han spelte med Jaki Byard tidleg i 60-åra. Carter turnerte og var i studio med Bobby Timmons sin trio, og spelte med Cannonball Adderley. Han vart med i gruppa til Art Farmer ei kort stund i 1963, før han vart medlem av bandet til Miles Davis.

Carter vart verande med Davis til 1968 i lag med Herbie Hancock og Tony Williams. Denne jobben skaffa Carter ryktet som gjorde at han kanskje vart den mest nytta i bassisten gjennom historia. Kjeldene varierer frå 500 til meir enn 2000 innspelingar, og lista over folk han har spelt med er rett og slett for stor til at nøyaktig veit kor mange det er snakk om. Carter har vore medlem av New York Jazz Sextet og New York Jazz Quartet, V.S.O.P. Tour og Milestone Jazzstars, og spelte i ei av gruppene som vart filma i Round Midnight i 1986.

Han har leia sine eigne band til forskjellige tider sidan 1972, og har nytta ein andre bassist for å halde takten og etablere harmoni når han sjølv har spelt solo på instrumentet. Carter fann òg opp sitt eige instrument, ein piccolobass. Carter har òg arrangert og skrive musikk både for sine eigne grupper og andre band. Han har gjort duoinnspelingar med Cedar Walton og Jim Hall.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Som leiar[endre | endre wikiteksten]

  • 1961: Where? (Prestige Records)
  • 1969: Uptown Conversation (Embryo Records)
  • 1973: Blues Farm (CTI)
  • 1973: All Blues (CTI)
  • 1974: Spanish Blue (CTI)
  • 1975: Anything Goes (Kudu)
  • 1976: Yellow & Green (CTI)
  • 1976: Pastels (Milestone)
  • 1977: Piccolo (Milestone)
  • 1977: Third Plane (Milestone)
  • 1978: 1+3 (JVC) trio live med Hank Jones eller Herbie Hancock og Tony Williams
  • 1978: A Song For You
  • 1978: Peg Leg (Milestone)
  • 1978: Standard Bearers
  • 1979: Parade
  • 1980: New York Slick (Milestone)
  • 1980: Patrao
  • 1980: Empire Jazz
  • 1980: Pick 'Em (Milestone)
  • 1981: Super Strings (Milestone)
  • 1982: Parfait (Milestone)
  • 1990: Carnaval
  • 1991: Meets Bach (Blue Note)
  • 1992: Friends (Blue Note)
  • 1994: Jazz, My Romance (Blue Note)
  • 1995: Mr. Bow Tie (Blue Note)
  • 1995: Brandenburg Concerto (Blue Note)
  • 1997: The Bass and I
  • 1998: So What (Blue Note) trio med Kenny Barron og Lewis Nash
  • 1999: Orfeu (Blue Note)
  • 2001: When Skies Are Grey (Blue Note)
  • 2002: Stardust (Blue Note)
  • 2003: The Golden Striker (Blue Note)
  • 2003: Eight Plus
  • 2003: Ron Carter Plays Bach(Blue Note)
  • 2006: Live at The Village Vanguard
  • 2007: Dear Miles
  • 2008: Jazz and Bossa
  • 2011: Ron Carter's Great Big Band (Sunnyside Records)

Som sidemann[endre | endre wikiteksten]

Med Pepper Adams

Med Toshiko Akiyoshi

Med Geri Allen

Med Gene Ammons

Med Chet Baker

Med Gato Barbieri

Med George Benson

  • Giblet Gravy (1968)
  • White Rabbit (1975)

Med Bob Brookmeyer

Med Kenny Burrell

Med Henry Butler

  • The Village (Impulse!, 1987)

Med Jaki Byard

Med Donald Byrd

Med Billy Cobham

Med Alice Coltrane

Med Harry Connick jr.

Med Chick Corea

Med Tadd Dameron

Med Miles Davis

Med Eli Degibri

  • Israeli Song (2010)

Med Paul Desmond

Med Eric Dolphy

Med Lou Donaldson

Med Charles Earland

Med Don Ellis

Med Art Farmer

Med Roberta Flack

Med Bill Frisell

Med Johnny Frigo

Med Red Garland

  • Crossings (1977)
  • Strike Up The Band (1977)
  • Red Alert (1977)

Med Stan Getz

Med Astrud Gilberto

Med Giorgio

  • Party Of The Century (2010)

Med Benny Golson

Med Johnny Griffin

Med Jim Hall

Med Chico Hamilton

Med Johnny Hammond

Med Herbie Hancock

Med Barry Harris

Med Eddie Harris

Med Gene Harris

Med Coleman Hawkins

Med Joe Henderson

Med Andrew Hill

Med Freddie Hubbard

Med Bobby Hutcherson

Med Jackie and Roy

Med Milt Jackson

Med Antonio Carlos Jobim

Med Ivan «Boogaloo Joe» Jones

Med Quincy Jones

Med Sam Jones

Med Steve Kuhn and Gary McFarland

Med Yusef Lateef

Med Hubert Laws

Med Junior Mance

Med Herbie Mann

Med Arif Mardin

Med Charles McPherson

Med Meeco

  • Amargo Mel (Connector, 2009)

Med Helen Merrill

  • Duets (1987)

Med Wes Montgomery

Med Airto Moreira

Med Idris Muhammad

Med Oliver Nelson

Med David «Fathead» Newman

Med the New York Jazz Quartet

  • In Concert in Japan (1975)

Med Hermeto Pascoal

Med Rosa Passos

  • Entre Amigos (2003)

Med Duke Pearson

Med Houston Person

Med Austin Peralta

  • Maiden Voyage (2006)

Med Sam Rivers

Med Shirley Scott

Med Gil Scott-Heron

Med Don Sebesky

Med Marlena Shaw

Med Woody Shaw

Med Wayne Shorter

Med Horace Silver

Med Paul Simon

  • "Run That Body Down» på Paul Simon (Columbia Records, 1972)

Med Grace Slick

Med Jimmy Smith

  • Off the Top (1982)

Med Phoebe Snow

Med Sonny Stitt

Med Ed Summerlin

Med Gábor Szabó

Med Livingston Taylor

Med Ed Thigpen

Med Bobby Timmons

Med Charles Tolliver

Med A Tribe Called Quest

Med McCoy Tyner

Med Mal Waldron

Med Grover Washington Jr.

Med Randy Weston

Med Kai Winding

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Allmusic biography
  2. DownBeat Announces 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]