Dronningvevkjerring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Megabunus diadema)
Dronningvevkjerring
Dronningvevkjerring
Dronningvevkjerring
Status
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Chelicerata
Klasse: Edderkoppdyr Arachnida
Orden: Vevkjerringar Opiliones
Familie: Phalangiidae
Slekt: Megabunus
Art: Dronningvevkjerring M. diadema
Vitskapleg namn
Megabunus diadema

Dronningvevkjerring (Megabunus diadema) er ei vevkjerring (langbein) som finst utbreidd i nordvestlege delar av Europa: på Island og Færøyene, Storbritannia, vest i Frankrike og nord i Spania. I Noreg finst han òg, på vestkysten frå Trøndelag til Vest-Agder.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Dronningvevkjerring er, som andre vevkjerringer, eit åttebeint lite dyr med særs lange bein i høve til kroppen, lange bein-aktige pedipalpar og augo plassert på ein slags «pidestall» (augetuberkel) om lag midt på kroppen. Arten er lett å skilja frå andre nordiske artar på strukturen som har gitt han namnet sitt; «diademet» som omkransar augetuberkelen.

Hoene er som regel 3,2-4,8 mm lange. Hannar er særs sjeldne, sidan arten for det meste formeirar seg ved partenogenese - jomfrufødsel.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Vevkjerringa lever på stein i barskog og blandingsskog, på myrer og i lyngheier. I motsetnad til mange andre vevkjerringar er ikkje arten særleg sensitiv overfor lys.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Stol, Ingvar: Jakten pa den partenogenetiske langbein Megabunus diadema (Opiliones) i Insekt-Nytt 1, 1999
  • Stol, Ingvar: Ecology and body size of the parthenogenetic Megabunus diadema (Fabricius, 1779) (Opiliones: Phalangiidae) at Karmøy, Western Norway i Fauna Norvegica 25: 39-44 (2005, Abstract)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]