Megafauna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Moskusfeet høyrde til norsk megafauna i istida, men døydde ut då denne slutta. I 1947 vart dei innført att, og i dag har me ein levedyktig bestand på Dovre.

Megafauna er eit omgrep i økologien som vert nytta om dei største og tyngste dyra i eit økosystem. Omgrepet vert definert som artar kor vaksne individ i gjennomsnitt har ei vekt over eit gitt tal. Kor stort dette talet må vera varierer frå forskar til forskar, men ligg som regel mellom 50 og 500 kg. Ordet vert i stor grad nytta når det er snakk om artar som har døydd ut under istida eller seinare.

Dyr som høyrer med i denne gruppa vert som regel kjenneteikna ved lang levetid, låg populasjonsvekstrate og få eller ingen naturlege predatorar i vaksen alder. Dette har ført til at desse dyra er særleg sårbare overfor menneskeleg påverknad.

Utrydjingar i moderne tid[endre | endre wikiteksten]

Eit stort tal på megafauna-artar har døydd ut i geologisk sett moderne tid, det vil seie i Pleistocen og Holocen-epokane - frå og med istidene til i dag. Årsaka til dette stridast biologane om, men mange meiner at det er dei sofistikerte jaktteknikkane til dei moderne menneska som har skulda. Andre teoriar inkluderer klimaendringar i samband med nedsmeltinga av dei store isbreane, og den kontroversielle hypersjukdomshypotesa.

Mellom den utdøydde megafaunaen kan me nemna mammuten og dei ullhåra nashorna.

Karismatisk megafauna[endre | endre wikiteksten]

Omgrepet «karismatisk megafauna» vert brukt om store dyr med brei folkeleg appell, m.a. kjempepandaen, den afrikanske elefanten og blåkvalen. Dette er dyr som mange miljøvernorganisasjonar brukar medvite for å få inn meir pengar; WWF har t.d. ein kjempepanda i logoen sin. Å fokusera på den karismatiske megafaunaen som lever i eit økosystem er som regel den mest effektive metoden å syta for merksemd rundt eit truga økosystem på.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Engelsk wikipedia