Blåkval
Blåkval |
![]() Blåkval
|
Vitskapleg namn |
Balaenoptera musculus |
Utbreiing |
Status i verda: ![]() |
Status i Noreg: ![]() |
Systematikk |
Blåkval (Balaenoptera musculus) er ein bardekval i finnkvalfamilien. Blåkvalen blir 30 meter lang med ei kroppsvekt på 180 tonn og er dermed både det største dyret som lever i dag, og det største dyret me veit har eksistert nokon gong. Bestanden vart kraftig redusert av industriell kvalfangst på 1900-talet, og er i dag om lag 10 000 - 25 000 individ.
Blåkvalen finst i alle verdshava utanom i Arktis, men likevel så langt nord som til Svalbard. Tidlegare fanst den største bestanden i antarktiske farvatn, men på 1900-talet vart denne bestanden redusert med kanskje meir enn 97 % av industriell kvalfangst. Det vart registrert fangst av 340 000 dyr i antarktiske farvatn på 1900-talet. Nye overslag over den antarktiske bestanden er på om lag 1700 dyr. Arten vart freda på verdsbasis i 1966, men den siste fangsten vart registrert utanfor Spania i 1978.
Fangst av blåkval i norske farvatn tok til i 1868. Rundt byrjinga av 1900-talet var bestanden her allereie kraftig redusert. Etter 1914 vart det berre fanga om lag 1400 blåkval i alt i våre farvatn.[1] Bestanden i norske farvatn er no anslått til mellom 250 og 500 dyr, men stigande.[2]