Meisterligaen 2001

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lagoppstillingane i Meisterligafinalen 2001 - Bayern i raudt

Meisterligaen 2001 var den 9. årgangen av den viktigaste turneringa for europeiske fotballklubbar; UEFA Champions League. Den tyske klubben Bayern München vann turneringa den 23. mai 2001 på Giuseppe Meazza-stadion i Milano etter å ha vunne over spanske Valencia CF i straffetevling. Etter 120 minuttars spel stod det 1-1. Valencia tok leiinga ved Gaizka Mendieta allereie i det 3. minutt og Stefan Effenberg utlikna i det 50. minutt, begge skåringane kom på straffespark. I den avgjerande straffestevlinga skåra Bayern på fem av sju forsøk, medan Valencia mislukkast i tre av sine sju forsøk.

Det var fyrste gongen Bayern München vann Meisterligaen, 25 år etter at laget sist vann Europacupen.

Finalelaga[endre | endre wikiteksten]

Bayern München: Oliver Kahn, Samuel Kuffour, Patrik Andersson, Thomas Linke, Willy Sagnol, Bixente Lizarazu, Owen Hargreaves, Stefan Effenberg, Mehmet Scholl, Hasan Salihamidžić og Giovane Élber. Carsten Jancker tok i pausa plassen til Sagnol, medan Alexander Zickler erstatta Élber i fyrste ekstraomgang og Paulo Sérgio plassen til Scholl i 2. ekstraomgang.

Valencia: Santiago Cañizares, Jocelyn Angloma, Roberto Ayala, Mauricio Pellegrino, Amedeo Carboni, Rubén Baraja, Gaizka Mendieta, Kily González, Pablo Aimar, Juan Sánchez og John Carew. David Albelda kom i pausa inn i staden for Aimar, i det 66. minutt kom Zlatko Zahovič inn og Sánchez gjekk ut. Miroslav Đukić spelte begge ekstraomgangane i staden for Ayala.

Dick Jol frå Nederland var kampleiar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]