Owen Hargreaves

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Owen Hargreaves


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 20. januar 1981 (43 år)
Calgary
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 2006, VM i fotball 2002, EM i fotball 2004

Owen Lee Hargreaves (fødd 20. januar 1981) er ein kanadisk-britisk fotballspelar fødd i Calgary i delstaten Alberta i Canada. Han spelte 42 landskampar for England i tida 2001-08. Midtbanespelaren Hargreaves vann meisterligaen både med Bayern München og Manchester United.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Hargreaves spelte på Bayern München i sju sesongar frå sommaren 2000. Allereie i sine fyrste sesong var han med å vinne meisterligaen og bundesliga. Sesongane 2003, 2005 og 2006 sikra han og laget seg dobbeltsigrar i bundesligaen og den nasjonale cupmeisterskapen i Tyskland.

Sommaren 2007 vart Hargreaves overført til engelske Manchester United. I sin fyrste sesong i klubben vart han både ligameister og meisterligameister. Vedvarande skadeplagar gjorde at han sidan sjeldan kom på bana før kontrakten hans gjekk ut i 2011. Etter ein sesong som benkeslitar i Manchester City la han opp i 2012.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Hargreaves debuterte på England sitt landslag i august 2001. Både i fotball-VM 2002, EM 2004 og VM 2006 fekk han plass på defensiv midtbaneplass hos England, utan at laget hadde suksess i nokon av meisterskapane. Våren 2008 spelte han sin 42. og siste landskamp då USA gjesta London. Han kom aldri på skåringslista for England.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]