Deco

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Deco i Barcelona-drakt

Anderson Luis de Souza (fødd 27. august 1977), kjend under kallenamnet Deco, er ein brasiliansk-portugisisk tidlegare fotballspelar. Han vann UEFA-cupen 2003 og Meisterligaen 2004 med FC Porto og Meisterligaen 2006 med FC Barcelona. I 2004 fekk han EM-sølv med Portugals landslag.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Deco flytta til Portugal i 1997. I mars 1999 fekk han kontrakt med FC Porto, der han fekk ei sentral rolle i det offensive spelet til eit ungt mannskap. Han var dei neste åra med om å vinne serien i 1999, 2003 og 2004, samt tre nasjonale cupmeisterskap. Våren 2003 vann Porto 3-2 over Celtic FC i UEFA-cupfinalen i fotball 2003. Eitt år seinare skåra Deco det andre målet då Porto slo AS Monaco 3-0 i meisterligafinalen 2004 i Gelsenkirchen. Han fekk elles prisen som finalens bestemann.

Sommaren 2004 vart Deco overført til FC Barcelona mot 15 millionar euro. Med det spanske storlaget vart han seriemeister i 2005 og 2006. Han fekk sølvballen 2004 i kåringa av beste fotballspelaren i Europa og vart kåra til årets spelar 2006 i Barcelona. 17. mai 2006 spelte han heile kampen då FC Barcelona sigra med 2-1 over Arsenal FC frå London i meisterligafinalen på Stade de France i Paris.

Etter fire år i spansk klubbfotball gjekk Deco sommaren 2008 over til engelske Chelsea FC mot 10 millionar euro. Delvis plaga med skadar, og elles svakare form, fekk han ikkje plass i troppene som sigra i FA-cupen 2009 og 2010. Derimot fekk han nok kampar til å vinne ligapokal med Chelsea FC i 2010.

I august 2010 skreiv Deco kontrakt med brasilianske Fluminense FC. Han la opp i 2013.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Anderson Souza fekk portugisisk statsborgarskap i 2002. Han fekk sin debut på Portugals landslag 29. mars 2003 som innbytar i ein vennskapskamp mot Brasil. Kampen enda 2-1 til heimelaget, etter Deco 82 minutt ut i oppgjeret skåra Portugals andre mål og vart matchvinnar. Under Fotball-EM 2004 i Portugal deltok han i alle Portugals kampar, men måtte måtte tole tap 0-1 mot Hellas i finalen. Deco spelte òg på Portugals lag som tapte bronsefinalen under VM i fotball 2006 mot arrangørlandet Tyskland med 1-3. Også i EM i fotball 2008 hadde Deco plass i startellevarane til Portugal kampar. I verdsmeisterskapen 2010 vart han bytta ut i lagets opningskamp mot Elfenbeinskysten, hans 75. og siste i Portugal-drakta. Deco skåra fem landslagsmål.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]