Meisterligaen 2013

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lagoppstillingane i Meisterligafinalen 2013 - Bayern i raudt

Meisterligaen 2013 var den 21. årgangen av den viktigaste turneringa for europeiske fotballklubbar; UEFA Champions League. Den tyske klubben Bayern München vann turneringa den 25. mai 2013 på Wembley stadion i London med siger 2-1 over Borussia Dortmund, også det ein tysk klubb. I finalekampen gav Mario Mandžukić Bayern leiinga i 60. minutt, medan İlkay Gündoğan utlikna på straffespark åtte minuttar seinare. Arjen Robben vart matchvinnar kring fem minuttar før fløyta let. 86 298 tilskodarar var til stades på Wembley.

Det var andre gongen Bayern München vann Meisterligaen.

Finalelaga[endre | endre wikiteksten]

Bayern München: Manuel Neuer, Philipp Lahm, Jérôme Boateng, Dante, David Alaba, Javi Martínez, Bastian Schweinsteiger, Arjen Robben, Thomas Müller, Franck Ribéry og Mario Mandžukić. Luiz Gustavo og Mario Gómez vart send innpå i sluttminuttane.

Borussia Dortmund: Roman Weidenfeller, Łukasz Piszczek, Neven Subotić, Mats Hummels, Marcel Schmelzer, Sven Bender, İlkay Gündoğan, Jakub Błaszczykowski, Marco Reus, Kevin Großkreutz og Robert Lewandowski. Julian Schieber og Nuri Şahin kom innpå i sluttminuttane.

Dommar på Wembely var Nicola Rizzoli frå Italia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]