Manuel Neuer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Manuel Neuer
20180602 FIFA Friendly Match Austria vs. Germany Manuel Neuer 850 0723.jpg
Fullt namn Manuel Neuer
Fødd 27. mars 1986 (33 år)
Gelsenkirchen i Tyskland
Høgd 192 cm
Posisjon Keeper
Klubbinformasjon
Spelar for Bayern München
Draktnummer 1
Ungdomsklubb
1991-2004 Tyskland Schalke 04
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
2005-11
2011-
Tyskland Schalke 04
Tyskland Bayern München
156 (0)
95 (0)
Landslag**
2006-09
2009-
Tyskland Tyskland U21
Tyskland Tyskland
20 (0)
45 (0)

Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
sist oppdatert 10. mai 2014.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 5. mars 2014.

Manuel Neuer (fødd 27. mars 1986 i Gelsenkirchen i Nordrhein-Westfalen) er ein tysk fotballspelar, som spelar som keeper for Bayern München i tysk Bundesliga. Han har òg landskampar for Tyskland. Fram til han gjekk til Bayern München i 2011, spelte han heile karrieren sin for Schalke. Han vart seriemeister med Bayern München i 2013 og 2014, vann den europeiske [[Meisterligaen i 2013 og VM for klubblag same året. I 2007 vart han kåra til beste keeper i Bundesliga og i 2011 til årets spelar i Tyskland. Han var med på å vinna U21-EM med Tyskland i 2009, og vart òg kåra til beste keeper i turneringa. Neuer debuterte for Tyskland sitt A-landslag 2. juni 2009 i ein privatlandskamp mot Dei sameinte arabiske emirata. Då Tyskland sin andrekeeper Robert Enke brått døydde i november same året vart Neuer andreval for det tyske landslaget. I 2010 vart han førstekeeperen til Tyskland under fotball-VM i Sør-Afrika då førstevalet René Adler vart skada før turneringa.