Snøhvit LNG

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Snøhvit LNG på Melkøya.

Snøhvit LNG er eit petroleumsanleggMelkøya utanfor Hammerfest som vert operert av Statoil. Anlegget tek imot naturgass frå Snøhvitfeltet i Barentshavet. Den 21. august 2007 vart den første gasse frå feltet sleppt inn i anlegget.

Oppløyst CO2 i naturgassen vert skild ut og ført tilbake til feltet og ned i eit reservoar.

Når gassen er ferdig utskilt, vert han kjølt ned til LNG (Liquefied Natural Gas, flytande naturgass) ved -163 °C i ein prosess Statoil utvikla i samarbeid med Linde. Etter dette vert gassen leidd i store lagertakar før den vert lasta over i gasstankskip. Det går inga røyrlina med gass frå Snøhvit.

Bygging[endre | endre wikiteksten]

Snøhvit LNG utbygginga vart delt opp i ei detaljprosjekteringsavtale og fleire sjølvstendige fabrikasjonsavtalar. Avtalestrukturen skilde seg ut då ein dei seinare åra i hovudsak har gått over til å nytte EPC-avtalar innan offshore- og oljeverksemda (som t.d. Ormen Lange). Avtala om detaljprosjektering, innkjøp og byggeleiing på 1,6 mrd NOK vart gjeve til Linde (som allereie hadde gjort førprosjekteringa). Fabrikasjonsavtalar for lekteren og prosessanlegget gjekk høvesvis til Construcciones-verftet og Dragados i Spania. Anlegget var plassert på ein lekter som er ni meter høg og har eit dekksareal på 154 meter gangar 54 meter. Lekteren vart manøvrer inn i ein dokk på anleggsområdet og permanent ankra opp.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]