Men from Earth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Men from Earth
Studioalbum av The Ozark Mountain Daredevils
Utgjeve September 1976
Sjanger Countryrock, southern rock, softrock
Lengd 36:35
Selskap A&M
Produsent David Anderle
The Ozark Mountain Daredevils-kronologi
The Car Over the Lake Album
(1975)
Men from Earth Don't Look Down
(1977)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg [1]

Men from Earth er det fjerde studioalbumet til countryrock/Southern rock-bandet The Ozark Mountain Daredevils. Randle Chowning, som var med å skipe bandet, valte å gå solo etter innspelinga av det førre albumet, The Car Over The Lake Album og vart erstatta av norske Rune Walle frå Flying Norwegians for innspelinga av Men From Earth. Dette albumet inneheld fleire songar av Larry Lee, som den romantiske «You Know Like I Know» og den meir rocka countrysongen «Homemade Wine». Som på det førre albumet kom òg dette albumet ut med ein EP kalla The Little Red Record 2 med to ekstra songar, «Roscoe's Rule» og «A Dollar's Worth of Regular». Desse to spora kom ut som bonusspor på CD-utgåva frå 2002, i lag med «Better Days», som til då berre var gjeven ut som B-sida til singelen «Jackie Blue» seint i 1974.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Fly Away Home»John Dillon2:50
2.«You Know Like I Know»Larry Lee4:05
3.«Breakaway (From Those Chains)»John Dillon4:00
4.«The Red Plum»Steve Cash, John Dillon2:00
5.«Mountain Range»John Dillon4:46
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Watermill»Steve Cash, John Dillon4:15
7.«Noah»John Dillon3:06
8.«It's How You Think»Larry Lee4:24
9.«Arroyo»Steve Cash5:12
10.«Homemade Wine»Larry Lee2:37
Bonusspor på 2002-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
11.«A Dollar's Worth of Regular»Steve Cash2:27
12.«Roscoe's Rule»Michael 'Supe' Granda2:49
13.«Better Days»Randle Chowning2:54

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • John Dillon - dulcimer, fele, gitar, klaverinstrument, vokal
  • Buddy Brayfield - klaverinstrument, obo, vokal
  • Rune Walle - banjo, gitar, mandolin
  • Steve Cash - munnspel, perkusjon, vokal
  • Mike Granda - bass, vokal
  • Larry Lee - trommer, gitar, klaverinstrument, vokal, blåseinstrument

Sidemen from Earth (gjestemusikarar):

  • Bill Jones - horn, fløyte og synthesizer
  • Randle Chowning - gitar og vokal
  • Steve Canaday - trommer
  • Connie Canaday - vokal
  • Bean - definisjon av Pachuco
  • Bobbye Hall - conga og perkusjon
  • Jerry Mills - mandolin

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Spelt inn i Quadrofonic Sound Studios. Nashville i Tennessee, American Artist Studio i Springfield i Missouri og Caribou Ranch i Nederland i Colorado
  • Lydteknikar og miksing: Marty Lewis
  • Mastering i Mastering Lab i Los Angeles, California
  • Produsert av David Anderle
  • Kunstnarisk leiar: Roland Young
  • Design: Junie Osaki
  • Fotografi: Jim Mayfield
  • Fotograif på framsida: Clarence & Roscoe Jones, teken juni 1976 av Jim Mayfield

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1976) Plassering
USA (Billboard 200) 74
  1. Eder, Bruce. Men From Earth Allmusic