Mensjevisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

'Mensjevisme er ei nemning som blei nytta for den eine hovudretninga i det russiske sosialdemokratiske partiet RSDRP før og ei tid etter den russiske revolusjonen i 1917. Den andre hovudretninga var bolsjevismen, under leiing av Vladimir Lenin. Den fremste mensjeviken var Julius Martov.

Mensjevismen var enkelt sagt den russiske varianten av den demokratiske sosialismen som voks fram i sentral- og vesteuropeisk arbeidarrørsle. Ordet kjem av det russiske ordet «mensjinstvo», som betyr mindretal. Dette fordi Martov og dei som støtta han ved eit tilfelle kom i mindretal ved vala under landsmøtet til RSDRP i London i 1903, etter at representantane for den jødiske arbeidarrørsla Bund hadde forlate møtet i protest mot at dei ikkje fekk den statusen dei ville ha i partiet. Lenin nytta straks høvet til å bruke nemningane bolsjevikar (fleirtalsmenn) om sine eigne tilhengarar og mensjevikar (mindretalsmenn) om motstandarane i partiet. Seinare blei dei to fløyane i røynda to parti, og bolsjevismen la grunnen for den moderne kommunismen, medan mensjevismen høyrer til i sosialdemokratisk historie.