Bietarfamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Meropidae)
Bietarfamilien
Bietar, Merops apiaster Foto: Raúl Baena Casado
Bietar, Merops apiaster
Foto: Raúl Baena Casado
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Coraciimorphae
Orden: Råkefuglar Coraciiformes
Familie: Bietarfamilien Meropidae
Rafinesque, 1815

Bietarfamilien, Meropidae, er ein familie av råkefuglar. Dei er hovudsakleg tropiske eller tempererte, og lever hovudsakleg av bier og andre flygande insekt. Gruppa omfattar 28 artar i tre biologiske slekter, den europeiske bietaren vert stundom sett i Noreg.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Eit par av arten bietar, Merops apiaster
Foto: Dûrzan Cîrano
Eit par av arten dvergbietar, Merops pusillus
Foto: Adam John Bourke
Sinoberbietar, Merops nubicoides, ungfugl til venstre
Foto: Lip Kee
Raudskjeggbietar, Nyctyornis amictus
Foto: JJ Harrison

Bietarar er karakterisert av ei fjørdrakt med sterke farger, av slanke kroppar, og mange artar har langstrekte, sentrale halefjører. Alle har lange, nedbende nebb og spisse venger, noko som gjev dei ein svaleliknande utsjånad sett frå avstand. Dei fleste artane i bietarfamilien lever i Afrika og Asia, men somme artar finst i Sør-Europa, Australia og Ny-Guinea.

Som namnet ymtar om, fangar bietarane flygande insekt, spesielt bier og kvefs. Dei vil vente på ein open kvist i eit tre eller busk, og så åtake byttet i lufta når det er innan rekkjevidde.[1] Bietarar tar berre byttedyr i lufta og ignorerer flygande insekt etter at dei har landa. Årevenger gjer ut for 20 % til 96 % av alle insekt dei tar. Honningbier omfattar om lag ein tredel av dette,[2] og er ein dominerande ingrediens av kosthaldet for denne gruppa.

Før dei et byttet, fjernar bietarane brodden ved å slå og gni insektet gjentatte gonger på eit hardt underlag. Det meste av gifta i insektet vil dessutan bli pressa ut med hjelp frå denne prosessen.[1]

Bietarar er sosiale fuglar, og dannar hekkekoloniar i hòler i bakken med tilgang gjennom tunellar. Koloniane kan ligge i sandbakkar som har kollapsa ved elver. Kvart kull kan vere frå 2 til 9 egg avhengig av art. Egga er kvite. Dei fleste av artane i familien er monogame, og begge foreldra tar omsut for ungane, nokre gonger med hjelp frå andre fuglar i kolonien, ei åtferd som er uvanleg for fuglar.[1]

Artsliste[endre | endre wikiteksten]

Bietarfamilien i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[4]

Slekt Nyctyornis

  • Raudskjeggbietar, Nyctyornis amictus, Red-bearded Bee-eater, Temminck, 1824, (LC)
  • Blåskjeggbietar, Nyctyornis athertoni, Blue-bearded Bee-eater, Jardine & Selby, 1828, (LC)

Slekt Meropogon

  • Purpurbietar, Meropogon forsteni, Purple-bearded Bee-eater, Bonaparte, 1850, (LC)

Slekt Merops

  • Svartbietar, Merops gularis, Black Bee-eater, Shaw, 1798, (LC)
  • Lazulibietar, Merops mentalis, Blue-moustached Bee-eater, Cabanis, 1889, (NT)
  • Brunryggbietar, Merops muelleri, Blue-headed Bee-eater, Cassin, 1857, (LC)
  • Raudstrupebietar, Merops bulocki, Red-throated Bee-eater, Vieillot, 1817, (LC)
  • Kvitpannebietar, Merops bullockoides, White-fronted Bee-eater, Smith, A, 1834, (LC)
  • Dvergbietar, Merops pusillus, Little Bee-eater, Statius Müller, PL, 1776, (LC)
  • Blåbrystbietar, Merops variegatus, Blue-breasted Bee-eater, Vieillot, 1817, (LC)
  • Bergbietar, Merops oreobates, Cinnamon-chested Bee-eater, Sharpe, 1892, (LC)
  • Svalebietar, Merops hirundineus, Swallow-tailed Bee-eater, Lichtenstein, AAH, 1793, (LC)
  • Svarthovudbietar, Merops breweri, Black-headed Bee-eater, Cassin, 1859, (LC)
  • Somalibietar, Merops revoilii, Somali Bee-eater, Oustalet, 1882, (LC)
  • Sebrabietar, Merops albicollis, White-throated Bee-eater, Vieillot, 1817, (LC)
  • Beryllbietar, Merops orientalis, Green Bee-eater, Latham, 1801, (LC)
  • Brunhovudbietar, Merops boehmi, Böhm's Bee-eater, Reichenow, 1882, (LC)
  • Jadebietar, Merops viridis, Blue-throated Bee-eater, Linné, 1758, (LC)
  • Rustkronebietar, Merops americanus, Rufous-crowned Bee-eater, P. L. S. Müller, 1776, (LC)
  • Blåkinnbietar, Merops persicus, Blue-cheeked Bee-eater, Pallas, 1773, (LC)
  • Olivenbietar, Merops superciliosus, Madagascar Bee-eater, Linné, 1766, (LC)
  • Blåhalebietar, Merops philippinus, Blue-tailed Bee-eater, Linné, 1767, (LC)
  • Regnbogebietar, Merops ornatus, Rainbow Bee-eater, Latham, 1801, (LC)
  • Bietar, Merops apiaster, European Bee-eater, Linné, 1758, (LC)
  • Bengalbietar, Merops leschenaulti, Chestnut-headed Bee-eater, Vieillot, 1817, (LC)
  • Rosenbietar, Merops malimbicus, Rosy Bee-eater, Shaw, 1806, (LC)
  • Karminbietar, Merops nubicus, Northern Carmine Bee-eater, Gmelin, JF, 1788, (LC)
  • Sinoberbietar, Merops nubicoides, Southern Carmine Bee-eater, Des Murs & Pucheran, 1846, (LC)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Forshaw, J. & Kemp, A. (1991). Forshaw, Joseph, red. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. s. 144–145. ISBN 1-85391-186-0. 
  2. Fry, Fry and Harris, Kingfishers, Bee-eaters, and Rollers (1992) ISBN 978-0-7136-8028-7
  3. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019 
  4. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]