Råkefuglar
Råkefuglar | |
![]() Blåråke Coracias garrulus | |
Utbreiing | |
![]() Utbreiinga av råkefuglar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Overklasse: | Tetrapodar Tetrapoda |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Coraciimorphae |
Orden: | Råkefuglar Coraciiformes Forbes, 1884 |
Råkefuglar (Coraciiformes) er ein biologisk orden av fargerike fuglar som er nært i slekt med sporvefuglar. Ordenen inkluderer mellom anna isfuglfamilien, motmotar, råkar og og bietarar. Dei er vanlegvis syndaktyle – hos dei fleste artar er dei to ytre tærne vaksne saman i nesten heile lengda. Hos artar i isfuglfamilien er den indre tåa ofte redusert eller borte.
Råkefuglar finst hovudsakleg i «den gamle verda», representasjonen i Amerika er avgrensa til rundt eit dusin artar av todiar og motmotar, og berre ei handfull av dei over 80 artar av isfuglar finst i «den nye verda».
Det latinske namnet Coraciiformes indikerer 'ramnaktig', som er misvisande ettersom ramnar er med i gruppa songfuglar av sporvefuglar. 'Corax' tyder ramn.
Kjelde[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Coraciiformes frå Engelsk Wikipedia .