Metroen i Moskva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lineplan for metroen i Moskva

Metroen i Moskva (russisk Московское метро, Moskovskoje metro) består av 12 linjer og 182 stasjonar. Den første linja vart opna i 1935 og då den andre verdskrigen starta bestod han av tre linjer. Han har sidan vorte utvida fleire gonger og i 2003 fekk nettverket den noverande utstrekninga. Han består først og fremst av gjennomgåande linjer, i tillegg til linje 5, ein ringbane som knyt dei fleste banane saman slik at ein sjeldan har behov for meir enn to overgangar. Moskva-metroen er kanskje den best utbygde metroen i verda og er den metroen i verda som transporterer desidert mest folk i løpet av året.

Under den andre verdskrigen vart undergrunnen brukt som bomberom og seinare utvidingar og opprustingar har òg lagt vekt på dette perspektivet. Metroen er derfor òg rekna som ein del av forsvarsverket til landet og det var derfor tidlegare restriksjonar i forhold til å fotografere på stasjonane. Stasjonane, særleg frå før slutten av 1950-talet, er elles kjende for utsmykkingane, delvis med revolusjonære motiv, delvis med meir nasjonale motiv. Desse har overlevd Sovjetunionen sitt fall og står òg som eit minnemerke over ideala til Sovjetunionen.

Det er ikkje faste rutetider for metroen i Moskva. I staden går toga med faste intervall på mellom 90 sekund og 10 minutt, avhengig av strekning og tid på døgnet. Alle linjene har eigne fargar. På dei gjennomgåande linjene kan ein høyre kvar ein er på veg til, ei mannsstemme annonserer stasjonane mot sentrum og ei kvinnestemme stasjonane frå sentrum. På linje 5 er det mannsstemme på tog som går med klokka, medan det er kvinnestemme på tog som går mot.

Det vert i dag nytta kontaktlause kort som billettar. Desse kan ein kjøpe for eit visst tal på reiser og for eit uavgrensa reiser for ein bestemt periode. Pensjonistar og handicappa køyrer gratis med metroen, medan skuleelevar og studentar har rabattordningar.

Sporbreidda er på 1520 mm, det same som russiske jernbanar. Med unntak av seks stasjonar som berre tar seks vogner, samt linja L1 frå 2003 som nyttar seg av annan type vognmateriale, er stasjonane bygd for tog med åtte vogner. Metroen i Moskva er førebilete for mellom anna metronettverka i St. Petersburg, Novosibirsk, Minsk, Kiev, Kharkov, Budapest, Praha, Sofia og Warszawa.

Sjølv om det ikkje er stadfesta av russiske styresmakter, meiner mellom andre Pentagon at det finst eit hemmeleg metronettverk som går lenger under bakken og som er rekna for å kunne tene dei viktigaste statsfunksjonane i ein krigssituasjon. Mellom anna vert han rekna for å knyte saman Kreml og FSB sine hovudkvarter med flyplassar og andre strategisk viktige stader, samt ein hemmeleg by under jorda. Nettverket meiner ein vart oppretta i kjølvatnet av den andre verdskrigen. Det er derimot ikkje ført bevis for at noko slikt nettverk eksisterer.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]