Metroid Prime

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Metroid Prime
Metroid-Prime-Logo.png
Utviklar(ar)Retro Studios
Nintendo
Utgjevar(ar)Nintendo
SerieMetroid
Plattform(er)Nintendo GameCube, Wii
UtgjeveNintendo GameCube:
NA: 17. november 2002
JP: 28. februar 2003
EU: 21. mars 2003
Wii:
JP: 19. februar 2009
NA: 14. august 2009
EU: 4. september 2009
SjangerFyrstepersons action-eventyrspel
SpelemodusEinspelar
AldersgrensePEGI: 12+
CERO: A
ESRB: T

Metroid Prime er eit dataspel utvikla av Retro Studios og Nintendo for Nintendo GameCube, gjeve ut i Europa 21. mars 2003. Spelet er det fyrste i Metroid-serien med 3D-grafikk, og er klassifisert av utgjevaren som eit fyrstepersons eventyrspel[1] i staden for fyrstepersons skytespel på grunn av at spelet legg stor vekt på utforsking. Metroid Prime er det fyrste spelet i Prime-triologien, som ber til mellom det opphavlege Metroid og Metroid II: Return of Samus.[2] Akkurat som tidlegare spel i serien har Metroid Prime ein science fiction setting, der spelaren styrer dusørjegeren Samus Aran. Handlinga er lagt til planeten Tallon IV, der Samus kjempar mot rompiratar og dei biologiske eksperimenta deira.

Spelet er sett på av fleire kritikarar som eitt av dei beste dataspela som er laga.[3] I 2009 vart ei utvida utgåve av spelet gjeven ut på Wii som eit einstaka spel i Japan, og i resten av verda som ein del av Metroid Prime: Triology.[4]

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Kenji Yamamoto komponerte, assistert av Kouichi Kyuuma, musikken til Metroid Prime. Soundtracket inneheld spor frå tidlegare spel i serien fordi Yamamoto ynskte å «tilfredsstille gamle Metroid fans. Det er som ei gåve til dei.»

Tilbakemelding[endre | endre wikiteksten]

Metroid Prime er eit av det meste selde spela til GameCube. Det var det nest bestseljande spelet i Nord-Amerika pr november 2002, berre liggande bak Grand Theft Auto: Vice City. Metroid Prime selde over 250 000 kopiar den fyrste veka etter utgivinga si, medan det i juli 2006 hadde selt meir enn 1,5 million eksemplar i USA åleine og hadde tent meir enn 50 millionar dollar. Det var òg det åttande mest selde GameCube-spelet i Australia. Meir enn 78 000 eksemplar vart selt i Japan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Metroid Prime company line». GameSpot. 22. juni 2004. Henta 3. desember 2007. 
  2. «History». Metroid Zero Mission Official Site (Japanese version). Henta 1. oktober 2007. 
  3. «Metroid Prime reviews». Metacritic. Henta 2006-09-08. 
  4. Harris, Craig (22. mai 2009). «Metroid Prime Trilogy Hands-on». IGN. Henta 22. mai 2009. 

Spire Denne Dataspelartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.