Meyrin

Koordinatar: 46°13′0″N 06°04′0″E / 46.21667°N 6.06667°E / 46.21667; 6.06667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Meyrin
Meyrin kyrkje og plass
Meyrin kyrkje og plass
Meyrin kyrkje og plass
Kommunevåpenet til Meyrin
Kommunevåpenet til Meyrin


Plassering
Meyrin is located in
Styresmakter
Land  Sveits
Kanton kantonen Genève
Distrikt ingen
Språk fransk
Borgarmeister Monique Boget
Geografi
Flatevidd
 - kommune

9,94 km²
Innbyggjarar
 - kommune (august 2011)
   - folketettleik

22 057
  2 219 /km²
Koordinatar 46°13′0″N 06°04′0″E / 46.21667°N 6.06667°E / 46.21667; 6.06667
Høgd over havet 446 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 1217
Nettstad: www.meyrin.ch

Meyrin er ein by og ein kommune kantonen Genève i Sveits, tett ved grensa til nabolandet Frankrike. Kommunen har 22 057 innbyggjarar (2011) og eit areal på 9,94 km². Kommunesenteret ligg 446 meter over havet. Det internasjonale partikkelfysikksenteret CERN ligg nord for byen Meyrin, heilt opp mot landegrensa til Frankrike.

Meyrin var opphavleg ein liten jordbrukslandsby fram til 1950-åra, då CERN vart bygd nord i kommunen. Han er no ein pendlarby dominert av høge bustadblokker og mange av innbyggjarane jobbar ved CERN eller i sentrum av Genève.

Genève internasjonale lufthamn ligg delvis i Meyrin.[1] Kommunen ligg på høgresida av elva Rhône og består av landsbyane og heile eller delar av områda CERN Maisonnex, Mategnin, Citadelle, Aéroport - tour-de-contrôle, Aéroport - Papillons, Aéroport - FORESTIER, Cointrin - Les Sapins, Cointrin - Les Ailes, Cointrin - Pré-Bois og ZI Riantbosson.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "Plan de commune Arkivert 2011-07-06 ved Wayback Machine.." Meyrin. Retrieved on 29 September 2009.
  2. Kanton of Genève Statistical Office Liste des 475 sous-secteurs statistiques du kanton de Genève. (fransk) accessed 18 April 2011

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]