Kantonen Genève
| Genève | |||
| Genf, Ginevra, Genevra | |||
| kanton | |||
|
|||
| Forkorting: GE | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Hovudstad | Genève | ||
| Høgaste punkt | Les Arales | ||
| • høgd | 516 moh. | ||
| Areal | 282,49 km² | ||
| Folketal | 524 410 (1. januar 2024)[1] | ||
| Kanton sidan | 1815 | ||
| Språk | fransk | ||
![]() Kantonen Genève 46°13′05″N 6°09′58″E / 46.218°N 6.166°E | |||
| Wikimedia Commons: Canton of Geneva | |||
Republikken og kantonen Gèneve (fr. République et Canton de Genève) er den vestlegaste av kantonane i Sveits. Kantonen er nesten omslutta av Frankrike, og grensar elles til kantonen Vaud i nord og Genfersjøen i nordaust. Som nokre andre sveitsiske kantonar, Ticino, Neuchâtel og Jura, kallar kantonen seg republikk i den sveitsiske konføderasjonen.
Språk og samfunn
[endre | endre wikiteksten]Heile 39,7% av innbyggarane i kantonen er utanlandske statsborgarar i 2011. Borgarar av 180 statar bur i denne mest internasjonale av alle kantonar i Sveits. Tre fjerdedelar av utlendingane kjem frå land i Sør-Europa. Både talemålet og skriftspråket i kantonen er fransk. Eit fleirtal av innbyggarane er romersk-katolske, noko som kjem av stor innvandring frå fjellregionane i Sveits og frå Italia i det siste hundreåret. Historisk var protestantismen den dominerande religionsforma i kantonen. Sidan tidleg 1900-tal har kyrkjelivet i Genève vore sterkast påverka av fransk kristenliv.
Kommunar
[endre | endre wikiteksten]Kantonen Genève består av 45 kommunar. Den største kommunen i kantonen er byen Genève. Elleve andre kommunar har over 10 000 innbyggarar, dei er Carouge, Chêne-Bougeries, Lancy, Le Grand-Saconnex, Meyrin, Onex, Plan-les-Ouates, Thônex, Vernier, Versoix og Veyrier.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen Genève er frå romartida. På 400-talet vart byen hovudstad i Burgund. Etter det burgundiske riket braut saman, vart Genève i 1032 ein del av det tysk-romerske riket og kom i 1156 under fyrstebiskopen av Genève. Etter den protestantiske reformasjonen fekk byen riksfridom og vart frå 1533 rekna som ein sjølvstendig byrepublikk. Genève var i tida 1526-36 med i det sveitsiske eidsforbundet, der det kom med att i 1584.
Inspirert av den franske revolusjonen gjorde mellomstanden opprør i 1793, året etter vart ein demokratisk konstitusjon innført. Frankrike annekterte byrepublikken i 1798 og og la elles til landområda i kring byen, då det danna departementet Léman. Etter Napoleon var overvunnen, fekk republikken Genève sjølvstende. Året deretter, 1815, vart byen sveitsisk og hovudstad i den nydanna kantonen med same namnet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ https://dam-api.bfs.admin.ch/hub/api/dam/assets/36073801/master; vitjingsdato: 14. januar 2026.
- Denne artikkelen bygger på «Canton of Genèva» frå Wikipedia på engelsk, den 13. oktober 2011.


