Michael Collins

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Michael Collins
Michael Collins 1922.jpg
Fødd 16. oktober 1890, Clonakilty
Død 22. august 1922, Bandon
Michael Collins på Commons

Michael Collins (16. oktober 189022. august 1922) var ein irsk sjølvstendeforkjempar og politikar. Han var ein av leiarane i den irske sjølvstendekrigen frå 1919 til 1921. Det irske namnet hans var Micheál Ó Coileáin

Collins vart fødd i Clonakilty i Cork og døydde i Bandon i same området, etter å ha vorte skoten.

Collins tok del i Påskeopprøret i 1916, og leidde i 1918 valkampen til nasjonalistpartiet Sinn Féin, som han førte til ein strålande valsiger. Han var ein hovudmann i opprettinga av den irske republikanske hæren IRA i 1919, og vart sjef for den hemmelege tenesta til den væpna organisasjonen.

Collins var attmed Eamon de Valera den leiande personlegdomen i den irske sjølvstenderørsla frå 1919 til han døydde 1922. I den republikanske undergrunnsregjeringa var han finansminister. Da han i 1921 underteikna den anglo-irske avtalen som førte til fridom for størstedelen av landet, men òg til frådelinga av Nord-Irland, kom han i motsetning til meir radikale nasjonalistar som gjekk imot delinga av landet. I den irske borgarkrigen som følgde, var han leiar i overgangsregjeringa og øvstkommanderande for dei irske stridskreftene, før han blei drepen i eit attentat.

Michael Collins vart i 1996 omhandla i ein film med same namnet, regissert av Neil Jordan, og med Liam Neeson og Julia Roberts i hovudrollene.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Michael Collins
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Michael Collins