Michelle Rodríguez

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Michelle Rodríguez

Fødd12. juli 1978 (45 år)
FødestadSan Antonio
FødenamnMayte Michelle Rodriguez
Aktive år1999–
Verka somskodespelar, fjernsynsskodespelar, filmskodespelar, stemmeskodespelar, manusforfattar, filmprodusent
MorCarmen Milady Pared
SambuarCara Delevingne, Zac Efron
PrisarIndependent Spirit Awards, Screen Actors Guild Award, Screen Actors Guild Award for Outstanding Performance by an Ensemble in a Drama Series

Mayte Michelle Rodríguez (fødd 12. juli 1978[1]) er ein amerikansk skodespelar. Ho er best kjent for rollene sine i filmane The Fast and the Furious (2001), Resident Evil (2002) og Avatar (2009), i tillegg til rolla som Ana-Lucia Cortez i TV-serien Lost.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Michelle Rodríguez vart fødd i Bexar County i Texas. Foreldra hennar skilde seg i 1986, og ho vart oppdregen som Jehovas vitne av bestemora si. Ho har ei rekkje halvsøsken og søsken, og enkelte av dei har ho ikkje eingong møtt.

Rodriguez flytta til Den dominikanske republikken med mora si då ho var 8 år gammal, og til Puerto Rico då ho var 11. Seinare flytta ho til New Jersey. Ho slutta på vidaregåande då ho var 17 år (etter å ha vorte utvist frå til saman 6 ulike skular).

Karrière[endre | endre wikiteksten]

Rodriguez hadde problem med å få skodespelarjobbar då ho kom over ein annonse for ei ledig stilling til lågbudsjettsfilmen Girlfight. Ho vann over 350 andre søkjarar for rolla som Diana Guzman, ein problemfylt tenåring som bestemmer seg for å kanalisera aggresjonen sin ved å bli boksar. Dette var den første auditionen hennar. Filmen vart lansert i 2000, og skodespelartalentet til Rodriguez fekk ros både blant kritikarar og publikum.

Etter dette fekk Rodriguez nokre oppsiktsvekkande roller i andre suksessrike filmar, inkludert The Fast and the Furious og Resident Evil. Frå 2005 til 2006 spelte ho den tøffe politikvinna Ana-Lucia Cortez i TV-serien Lost.

I 2002 vart Michelle Rodríguez rangert på 77.-plass i Stuff magazines «102 Sexiest Women in The World» og på 34.-plass i Maxims «199 Sexiest Women».

Problem med loven[endre | endre wikiteksten]

  • I mars 2002 vart Rodríguez arrestert og sikta for å ha overfalle romkameraten sin. Siktelsen vart seinare lagt vekk då romkameraten nekta å prøva saka i retten[2]
  • I november 2003 måtte Rodríguez møta i retten for å forsvara seg mot åtte siktinga for småkriminalitet basert på to trafikkhendingar; den 22. juli hadde ho forlate åstaden etter ei ulukke der ho traff ein annan motorist, og den 4. november køyrde ho i høg fart gjennom eit vegkryss påverka av alkohol. Ho hadde ikkje førarkort på denne tida.[3] I juni 2004 sa Rodriguez «Nolo contendere» i retten, og sa seg dermed villig til å ta straffa for tre av sakene, utan å erklæra seg skyldig. Ho måtte i fengsel i 48 timar, og utførte deretter samfunnsstraff på to sjukehus i New York, fullførte eit tremånaders alkoholprogram, og fekk ei prøvetid på tre år.
  • I 2005, medan ho spelte inn LostHawaii, vart Rodriguez vinka inn til sida av politiet fleire gonger. Ho vart bøtelagd for å ha køyrt for fort minst tre gonger.[4]
  • Rodriguez og medskodespelaren hennar frå Lost, Cynthia Watros, som køyrde i separate bilar, vart begge vinka inn til sida av politiet om morgonen den 1. desember 2005 i Kailua. Ifølgje politiet som arresterte dei, veiva skodespelarane ut og inn av trafikken på Pali Highway mellom Kailua og Honolulu. Dei var begge påverka av alkohol.[5] Rodriguez erklærte seg «ikkje skyldig» då ho vart spurd, men då domen skulle falla erklærte ho seg «skyldig», og valde å betala ei bot på $500 og sitja fem dagar i fengsel, framfor 240 timar samfunnsstraff.[6][7]

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Rolle
2018 The Fate of the Furious Letty
2015 Furious 7 Letty
2013

2009

Fast 6

Avatar

Letty

Trudy Chacon

2009 Fast & Furious Letty
2006 The Breed Nicki
2005 BloodRayne Katarin
2004 Control Teresa
2003 S.W.A.T. Chris Sanchez
2002 Blue Crush Eden
2002 Resident Evil Rain Ocampo
2001 The Fast and the Furious Letty
2001 3 A.M. Salgado
2000 Girlfight Diana Guzman

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Biografi på Michelle Rodríguez' offisielle nettsted» (på engelsk). Arkivert frå originalen 15. juni 2012. Henta 28. desember 2009. 
  2. «"Girlfight" Star Off the Hook» i E!-online
  3. «Rodriguez: Way 2 Fast 2 Furious» på E!-online
  4. «Michelle Rodriguez settles two traffic cases» på msnbc.com
  5. «Two ‘Lost’ stars charged with drunken driving» på msnbc.com
  6. «"Lost" Stars Arraigned for DUIs» på E!-online
  7. «'Lost' Actress Chooses Jail Over Service» på CBS news

Bakgrunsstoff[endre | endre wikiteksten]

Michelle Rodríguez ved The Internet Movie Database (IMDb)