Migdal Oz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Migdal Oz
מִגְדַּל עֹז, מגדל עוז
landsby
Region Vestbreidda
Distrikt Judea- og Samaria-området
Koordinatar 31°38′26.51″N 35°8′38.04″E / 31.6406972°N 35.1439000°E / 31.6406972; 35.1439000
Folketal 435  (2011)
Grunnlagd 1977
Tilhøyrsle Den religiøse kibbutzrørsla
Kart
Migdal Oz
31°38′27″N 35°08′38″E / 31.640697222222°N 35.1439°E / 31.640697222222; 35.1439
Wikimedia Commons: Migdal Oz

Migdal Oz (hebraisk skrift מִגְדַּל עֹז, tyder Styrketårnet) er ei israelsk busetjing og ein kibbutz i den historiske Etzion-blokka som er underlagt Gush Etzion regionale kommune på den okkuperte Vestbreidda. Han vart grunnlagd i 1977. Han ligg 7,4 km frå Den grøne linja, vest for israelske sperringsmuren/-gjerdet på Vestbreidda. I 2011 hadde Migdal Oz eit folketal på 435.

Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[1]

Migdal Oz vart grunnlagd der Migdal Eder låg, ein jødisk landsby som vart øydelagd 50 år tidlegare under den arabisk-israelske konflikten. Namnet er teken frå eit bibelvers[2] som skildrar Gud, skriven i Salmane 61:4 og Salomos ordtak 18:10.

Migdal Oz er eit medlem av den ortodokse religiøse kibbutzrørsla, og har kring 430 innbyggjarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Geneva Convention». BBC News. 10. desember 2009. Henta 27. november 2010. 
  2. Bitan, Hanna: 1948-1998: Fifty Years of 'Hityashvut': Atlas of Names of Settlements in Israel, Jerusalem 1999, Carta, s.37 ,ISBN 965-220-423-4 (hebraisk)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]