Neve Daniel
Neve Daniel | |||
landsby | |||
Neve Daniel
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Vestbreidda | ||
Distrikt | Judea- og Samaria-området | ||
Koordinatar | |||
![]() Neve Daniel | |||
Wikimedia Commons: Neve Daniel | |||
Neve Daniel (hebraisk skrift נְוֵה דָּנִיֵּאל) er ei israelsk busetjing og fellesbusetnad vest i Gush Etzion sør på den okkuperte Vestbreidda. Han ligg sør for Jerusalem og like vest for Betlehem, på toppen av eit av dei høgaste punkta i området, nær 1000 meter over havet. Frå her er det utsyn over det meste av den israelske kystsletta ved Middelhavet, i tillegg til fjella i Jordan.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Neve Daniel vart grunnlagd den 18. juli 1982 ved Cohen-garden. Cohen-garden vart starta opp 6. september 1935, på landområde kjøpt frå den nærliggande landsbyen al-Khader. Dette vart overført til Jewish National Fund i 1943. Garden vart fråflytta under arabaropprøra og vart verande under jordansk kontroll fram til 1967.
Det nye samfunnet vart kalla opp etter Nebi Daniel, ein sving i vegen fleire kilometer sørvest for Betlehem, der ein konvoi med forsyningar til Gush Etzion vart angripen i eit bakhald. Vegen til Gush Etzion har blitt blokkert av arabiske landsbybuarar, som organiserte angrep på kjøretøy som køyrte til og frå Jerusalem.
Som alle israelske busetjingar i israelskokkuperte territorium vert Neve Daniel rekna som ulovleg etter folkeretten, sjølv om Israel hevdar retten er på deira side.[1]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Neve Daniel» frå Wikipedia på engelsk, den 14. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «The Geneva Convention». BBC News. 10. desember 2009. Henta 27. november 2010.