Den arabisk-israelske konflikten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Unbalanced scales.svg Objektiviteten i denne artikkelen er omstridd. Endringar som manglar kjelder og/eller avviker frå ei objektiv framstilling, kan bli fjerna.
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

Den arabisk-israelske konflikten viser til vedvarande ufred i Midt-Austen frå 1900- og 2000-talet. Konflikten er knytt til staten Israel og arabarar frå dette og kringliggande område, men har også interesserte partar i mange andre delar av verda. Han har blussa ut i krig fleire gonger, men er også blitt utkjempa gjennom terroråtak og propaganda. Ein religiøs og historisk bakgrunn knytt til mellom anna Bibelen og Holocaust, imperium og den kalde krigen, og ulike ideologiar som sionisme og islamisme, har gjort konflikten svært viktig for mange ulike grupper og har gjort det vanskeleg å løysa han. I tillegg til Israel har Egypt, Irak, Jordan, Libanon, Syria og dei palestinske sjølvstyreområda Gaza og Vestbreidda vore direkte innblanda i strid. Ei rekke interesseorganisasjonar og fleire land, som Iran, Noreg, Saudi-Arabia, Sovjetunionen og USA, har støtta ulike partar eller prøvd å løysa opp konflikten.

Historisk bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Området vest i Midt-Austen har vore omstridd sidan oldtida. Det har vore ein møteplass for handel og kultur mellom aust og vest, og var årestaden for utviklinga av dei abrahamittiske religionane, jødedommen, kristendommen og tildels islam. Innan jødisk tradisjon var området særs viktig: Det var blitt gjeve til patriarken Abraham sine etterkomarar i pakta hans med Gud.[1] Her oppretta dei sin eigen stat tidleg i det første tusenåret f.Kr., men blei fleire gonger drivne frå området gjennom erobringar. Den største jødiske diasporaen blei skapt av romarane etter eit opprør i år 132 som blei slått ned, og provinsen Judea blei omdøypt til Palestina. Området var deretter styrt av bysantinarane, persarane, kristne krossfararar og ottomanarar.

Nyare tid[endre | endre wikiteksten]

På slutten av 1800-talet fekk jødane igjen rett til å eiga jord i Palestina, som då var del av det ottomanske riket. Nesten 2 000 000 mål blei kjøpt opp av hovudsakleg store landeigarar.

Under den første verdskrigen fall det Ottomanske riket, og britane kom til makta. Dei gjorde skjulte avtalar, og lova alle partane ein del av Palestina. Dette dobbeltspelet skal ha vore mykje av årsaka til konflikten me ser i dag. I dei kommande åra kom ein rekke fredsavtaler, ofte følgt av enda fleire demonstrasjonar. Opp på trettitalet begynte det for alvor å komme jødar inn i Midtausten-områda. Berre i 1936 kom heile 61 000 nye innflyttarar til dei Palestinske områda. Dette tvinga mange muslimar ut av landet, noko som berre forverra den allereie pressa situasjonen.

14 mai 1948 fekk jødane offisielt sin eigen stat, Israel var nå ein realitet. Dette førte til Den arabisk-israelske krigen, som førte til at nesten 6 500 israelarar, og 5 – 15 000 arabarar mista livet. Dette var den første av ein rekke krigar mellom staten Israel og dei arabiske landa rundt. Ut på syttitalet begynte trefningane å gå meir over i ein diplomatisk fase der dei prøvde å finne ein fredeleg løysing på konflikten. Dette blei mykje meir aktuelt nå som den kalde krigen var over. Likevel haldt konfliktane fram, og mange sivile palestinarar blei drepen for å skremme dei vekk frå områda rundt Israel.

I 1993 kom eit gjennombrot i forhandlingane mellom Israel og Palestina. Men mange palestinarar var imot også denne avtalen, da den favoriserte israelarane.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Notar[endre | endre wikiteksten]