Nokdim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°38′38″N 35°14′41″E
Nokdim
נוֹקְדִים
landsby
Nokdim.jpg
Land Blank flag.svg Vestbreidda
Region Vestbreidda
Distrikt Judea- og Samaria-området
Kommune Gush Etzion
Koordinatar 31°38′38″N 35°14′41″E
Folketal 1 308 (2009)
Grunnlagd 1982
Palestine location map wide.png
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Nokdim

Nokdim hebraisk skrift נוֹקְדִים, tyder Gjetarar) er ein fellesbusetnad og israelsk busetjing på den okkuperte Vestbreidda, sør for Betlehem og nord i Judeafjella. Det er eit blanda samfunn av sekulære og religiøse innbyggjarar, både innfødde israelarar og immigrantar med eit folketal på 1 308 (2009). Han er underlagt Gush Etzion regionale kommune.[1]

Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Nokdim vart grunnlagd den 5. juli 1982 av innbyggjarar frå Tekoa. Busetjinga heitte opphavleg El-David til minne om to innbyggjarar frå Tekoa - Eli Pressman, ein immigrant frå Frankrike som vart drepen i den libanesiske krigen i 1982, og David Rosenfeld, som styrte turiststaden ved Herodium og som vart myrda i juli 1982 av to av sine palestinske tilsette. Namnet vart avvist av styresmaktene som føreslo Nokdim. Dette vart godteke av innbyggjarane.[3]

Namnet er henta frå bibelverset Amos 1:1, fordi Amos var blant gjetarane i Tekoa.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Settlements list». Peace Now. Henta 1. april 2011. 
  2. «The Geneva Convention». BBC News. 10. desember 2009. Henta 27. november 2010. 
  3. Michael Feige (2009). Settling i hearts. Jewish fundamentalism i occupied territories. Wayne State University Press. s. 77. ISBN 978-0-8143-2750-0. Henta 1. april 2011. 
  4. Hanna Bitan (2000). (1948–1998) Hamishim shenot hityashvut. Atlas shemot ha-yishuvim veha-mekomot be-Yisrael (1948-1998: Fifty Years of 'Hityashvut': Atlas of Names of Settlements and Places i Israel) (på hebrew). Government of Israel, Karta, Jerusalem. s. 46. ISBN 965-220-423-4.