Tekoa i Gush Etzion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Takoa
landsby
Trespråkleg vegskilt på veg inn i Tekoa
Region Vestbreidda
Distrikt Judea- og Samaria-området
Koordinatar 31°39′10.86″N 35°13′44.52″E
Folketal 4 315 (2021)[1]
Kart
Tekoa i Gush Etzion
31°39′11″ N 35°13′45″ E
Wikimedia Commons: Tekoa

Tekoa (hebraisk skrift תְּקוֹעַ) er ein israelsk-jødisk fellesbusetnad og israelsk busetjing nord i Judeafjella, 20 km nordaust for Hebron og 16 km sør for Jerusalem på den okkuperte Vestbreidda. Tekoa er underlagt Gush Etzion regionale kommune.[2] Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[3] Like i nærleiken ligg den arabiske landsbyen Tuquʿ (arabisk تقوع).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tekoa frå Herodion.

Antikken[endre | endre wikiteksten]

I følgje Samuel, skal Joab ha skaffa ei «vis kvinne» frå Tekoa for å overtale David om å hente Absalom attende til Jerusalem (2 Sam. 14:2, 4, 9). Landsbyen var fødestaden til Ira, son av Ikkesh, som var ein av krigarane til kong David. Tekoa er kjend som fødestaden til profeten Amos i Gamletestamentet (Amos 1:1).[4] Bibelen hevdar byen vart grunnlagd av efratittar frå Betlehem i nord og kalebittar frå Hebron i sør. Det vart bygd festningsverk og han tente som administrativt senter i området.[5]

Den moderne busetjinga vart grunnlagd i 1975 som ein Nahal-utpost. I 1977 vart han gjeven over til sivile innbyggjarar.[6] Busetjinga ligg på toppen av ei høgd blant ruinane av den bibelske Tekoa, 8 km sør for Betlehem ved foten av Herodion (Herodospalasset).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]