Mikhail Botvinov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mikhail Botvinov
Botwinov1 (cropped).jpg
Fødd 17. november 1967
Tyoplo-Ogaryovsky District
Yrke langrennsløpar
Mikhail Botvinov på Commons

Mikhail Viktorovitsj Botvinov (fødd 17. november 1967) er ein russisk-austerriksk tidlegare langrennar, fødd i landsbyen Lidinka i Tula oblast i dagens Russland. Han vann i 1999 VM-gull i 4 x 10 km stafett med Austerrike, og vart same sesongen nummer to i verdscupen i langrenn.

Botvinov deltok i skimeisterskap for Sovjetunionen og seinare Russland i tida 1991-95. Desse åra var han avgjort sterkast i OL-sesongen 1994, hans beste individuelle plasseringar var to fjerdeplassar under vinterleikaneLillehammer, medan han i Ski-VM 1995 i Thunder Bay gjekk Russland inn til bronse i 4 x 10 km stafett. Han tevla for Russland til og med sesongen 1996, då han etter usemje med det russiske skiforbundet utvandra til Austerrike og fekk plass på det austerrikske langrenns-landslaget.

Ved Ski-VM 1999 i Ramsau i Austerrike gjekk Botvinov tredje etappe for arrangørlandet i 4 x 10 km stafett, ei tevling som enda med austerriksk gull etter Christian Hoffmann vann innspurten mot norske Thomas Alsgaard, dei andre på vinnarlaget var Markus Gandler og Alois Stadlober. I same meisterskapen tok Botvinov bronsemedaljen på 50 km.

Under Vinter-OL 2002 tok Botvinov sølv på 30 km bak lagkamerat Hoffmann og han vart femtemann på femmila. Fire år seinare spurta han i mål til bronse då OL-femmila 2006 enda med massespurt, slått einast av Italias Giorgio Di Centa og russaren Jevgenij Dementjev.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar.