Mikhail Larionov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett, 1910

Mikhail Fjodorovitsj Larionov, (3. juni 188110. mai 1964) var ein russisk kunstnar, grunleggar av rayonismen.

Larionov var fødd i Tiraspol i Moldova. Han vart utdanna i Moskva, der han vart kjend med si komande hustru, Natalija Gontsjarova. Han var svært produktiv og samla kring seg ei kjerne av målarar frå Moskva. Saman med dei organiserte han utstillingar som Det gylne skinnet og 'Rute Knekt's fyrste utstilling.

I 1913 gav han ut Rayonistmanifestet, som la grunnlaget for det abstrakte måleriet i Russland. Larionov spela ei viktig rolle i russisk kunsthistorie ved at han tok opp dei samtidige, 1905-08, franske idéane om målarkunsten og smelta saman desse idéane med den heimlandske folkekunsten, til dømes i Soldatrom (1908-11). Larionov hadde også kunsthistorisk innverknad med sitt rayonistiske måleri, der mykje er abstrakt, trass i at rayonismen ikkje var eit system bygt på nonfigurative komposisjonar.

Etter 1914 reiste Larionov frå Russland for å arbeide som scenograf ved Sergej Djagilevs russiske ballett i Paris, der han budde resten av livet. Han døydde i Fontenay-aux-Roses, nær Paris.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]