Mineralet turkis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Turkis
Turquoise.pebble.700pix.jpg
Turkis, trommelpolert, ein tomme (25 mm) lang.
Generelt
KategoriFosfatmineral
Kjemisk formelCuAl6(PO4)4(OH)8·4H2O
Strunz-klassifisering08.DD.15
Identifikasjon
Fargeblå, blå-grøn, grøn
KrystallformMassiv, kuleforma
KrystallsystemTriklinsk
Kløyvgod til perfekt_usually N/A
BrotMuslig
Mohs hardleiksskala5–7
StrekfargeBlåkvit
Spesifikk vekt2.6–2.9
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparToaksa (+)
Brytingsindeksnα = 1.610 nβ = 1.615 nγ = 1.650
Dobbeltbryting+0.040
PleokroismeSvak
SmeltepunktIngen
SmeltbarheitSmeltbar i oppvarma saltsyre
OppløyselegheitOppløyseleg i saltsyre
Kjelder[1][2][3]

Turkis er eit blått til blågrønt mineral, som krystalliserer triklint og har hardleik 5–6. Det finst oftast i massiv form med voksaktig glans. Krystallar er sjeldne. Det er eit vass- og hydroksylhaldig fosfat av kopar og aluminium, CuAl6(PO4)4(OH)8·4H2O. Det vert danna ved forvitring av aluminiumrike bergartar.

Turkis blir brukt som smykkestein og har sidan oldtida vore funne i Sinai (forlengst uttømt) og Iran (Nishapur, uttømt på 1900-talet). Hovudkjelda til turkis er i dag det sørvestlege USA; New Mexico, Nevada og Arizona. Turkis vart tidleg utnytta av indianarne til vene sølvsmykke. Det kjenst òg frå Sibir, Turkmenistan, Mexico, Peru og andre. Kunstig turkis med god farge kom på marknaden i 1970-åra.

Bein-turkis, tann-turkis, fossil turkis, oksidental turkis og odontolitt er fossile bein eller tenner farga av jernfosfat (vivianitt), òg brukt som smykkemateriale.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Turkis. (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/turkis.
  1. Hurlbut, Cornelius S.; Klein, Cornelis, 1985, Manual of Mineralogi, 20th ed., John Wiley and Sons, New York ISBN 0-471-80580-7
  2. «Turquoise:turquoise mineral information and data». mindat.org. Henta 2006-10-04. 
  3. Anthony, John W.; Bideaux, Richard A.; Bladh, Kenneth W. and Nichols, Monte C., red. (2000). «Turquoise». Handbook of Mineralogi (PDF). IV (Arsenats, Fosfats, Vanadats). Chantilly, VA, US: Mineralogical Society of America. ISBN 0962209732. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]