Monkey Island 2: LeChuck's Revenge
Monkey Island 2: LeChuck's Revenge | |
![]() | |
Utviklar(ar) | LucasArts |
---|---|
Utgjevar(ar) | LucasArts |
Kreativt ansvarleg(e) | Ron Gilbert |
Produsent(ar) | Shelley Day |
Design(ar) | Ron Gilbert Dave Grossman Tim Schafer |
Komponist(ar) | Michael Land |
Serie | Monkey Island |
Motor | SCUMM |
Plattform(er) | Microsoft Windows, DOS, Amiga, macOS, iOS, PlayStation 3, Klassisk MacOS |
Utgjeving | 1991 |
Sjanger | Eventyrspel |
Spelemodus | Einspelar |
Monkey Island 2: LeChuck's Revenge er eit eventyrspel utvikla og utgjeve av LucasArts. Spelet er det andre i Monkey Island-serien og oppfølgjaren til The Secret of Monkey Island frå 1990. Det er det sjette i rekkja av spel som nytta spelmotoren SCUMM og det fyrste spelet som brukte lydsystemet iMUSE.
LeChuck's Revenge handlar om wannabe-piraten Guybrush Threepwood, som er på jakt etter den mystiske skatten Big Whoop. Utviklingslaget for spelet var hovudsakleg det same som for det fyrste spelet i serien. Prosjektet vart leidd av Ron Gilbert, i samarbeid med Tim Schafer og Dave Grossman. Monkey Island 2 vart lansert i ei modernisert utgåve med ny grafikk i 2010.