Monkey Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Monkey Island er eit felles namn på ein spelserie som femner fire ulike eventyrspel. Alle spela i denne serien er laga av LucasArts, som tidlegare var kjend som LucasFilm Games under utviklinga av det fyrste spelet i serien. Alle spela i serien handlar om antihelten Guybrush Threepwood der han slit med å bli den mektigaste sjørøvaren i Karibien, spolere planane til den vondkyndte daudingen og piraten LeChuck, og vinne hjartet til guvernør Elaine Marley. Handlinga til alle dei fire spela i serien inkluderer den løyndomsfulle øya Monkey Island.

Spela i serien blei i utgangspunktet skapt av Ron Gilbert, Tim Schafer og Dave Grossman. Gilbert verka på dei to fyrste spela i serien før han slutta i LucasArts. Grossman og Schafer jobba også på dei to fyrste spela, og dei fór også frå selskapet i etterkant. Rettane til Monkey Island-spela blei verande hos LucasArts, og dei to neste spela blei utvikla utan medverknad frå dei som planla spelserien i utganspunktet.

Spela[endre | endre wikiteksten]

The Secret of Monkey Island[endre | endre wikiteksten]

Utdjupande artikkel: The Secret of Monkey Island

Spelserien gjorde inntoget sitt i 1990 med The Secret of Monkey IslandAtari ST, Macintosh og IBM PC-platformene. Spelet vart seinare sloppe for Amiga, Sega CD og FM Towns.

Dette spelet har blitt relansert 15. Juli 2009 i ein ny versjon kalla The Secret of Monkey Island Special Edition (MI:SE). Denne versjonen har fått same grafikkløysing som dei seinare versjonane, i tillegg til at ein óg kan spela spelet med originalgrafikken, dog utan stemmer. I tillegg til Windows-plattforma, har spelet også blitt lansert for iPhone.

Monkey Island 2: LeChuck's Revenge[endre | endre wikiteksten]

Utdjupande artikkel: Monkey Island 2: LeChuck's Revenge

Monkey Island 2: LeChuck's Revenge var det andre spelet i serien og blei sloppe i 1991 for færre plattformer; berre tilgjengeleg no på Amiga, MS DOS, Macintosh, og seinare på FM Towns.

The Curse of Monkey Island[endre | endre wikiteksten]

Utdjupande artikkel: The Curse of Monkey Island

Det tredje spelet i serien, The Curse of Monkey Island, blei sloppe i 1998 i Europa og var berre tilgjengeleg på Windows.

Escape from Monkey Island[endre | endre wikiteksten]

Utdjupande artikkel: Escape from Monkey Island

Escape from Monkey Island var det fjerde spelet i serien, og blei sloppe for Windows, PlayStation 2 og Macintosh.

Tales of Monkey Island[endre | endre wikiteksten]

Utdjupande artikkel: Tales of Monkey Island

Tales Monkey Island er det siste spelet i serien, og blei sloppe for Windows, Wii og Macintosh.