Monodi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Monodi (frå gresk monodos «ein som syng aleine») er eit musikkhistorisk omgrep som i dag vanlegvis tyder ei enkel songstemme enkelt akkompagnert av ein generalbass.

Opphavleg var monodi eit dikt der ein klaga over eit dødsfall, eller ein einstemmig song utan harmonisk tonefølgje. Døme på slik song er musikk i antikken, gregoriansk song og folkeviser.

Rundt år 1600 fekk omgrepet monodi den tydinga som er den vanlegaste i dag, men sjølve omgrepet er nytt og ingen av 1600-talskomponistane kalla stykka sine monodiske. Monodi var ein reaksjon på kontrapunktisk stil, der ein kombinerte fleire ulike melodiliner samtidig.[1]

Komposisjonar i monodisk form kunne verte kalla madrigalar, motettar eller concerto (i den tidlege tydinga, dvs. «med instrument»).

Monodien utvikla seg frå eit forsøk kunstnar- og filosofikretsen Florentiner Camerata gjorde i 1580-åra på å restaurere gamle greske idear om melodi og deklamasjon. Forsøket vart ei spire til ei ny utvikling av dramatisk musikk. Ved sidan av dei formelle aspekta bestod den største fornyinga i at songen overvegande skulle uttrykke kjensler, såkalla affekter. I tillegg vert monodien kjenneteikna av ein større samanheng mellom tekst og musikk der songstemma følgde rytmen til språket, melodiflyten setningsdelane, medan innhaldsmessig viktige ord ofte samanfalt med tyngdepunkt i takten. Dette konseptet fekk på kort tid sterk innverknad på det felleseuropeiske musikkspråket.

I byrjinga vart monodiske musikkstykk akkompagnerte av generalbass og var fullstendig ubundne formalt. Ulike utviklingslinjer munna ut i spesialiserte musikkformer som resitativ og arie som vart bestanddelar i operaer, oratorium og kantatar.

I Frankrike skjedde det ei parallell utvikling som vart kalla air de cour, men omgrepet monodi vert vanlegvis ikkje nytta om desse meir konservative songane som heldt mange av kjenneteikna til renessansemusikken.

Ei viktig tidleg avhandling om monodi finst i songsamlinga til Giulio Caccini, Le nuove musiche (Firenze, 1601).[1]

Viktige komponistar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Monody | Italian, Renaissance, Polyphonic | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 3. mars 2024