Moshe Weinberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Moshe Weinberg (hebraisk משה ויינברג‎) (fødd 19. september 1939 i Haifa, død 5. september 1972 i München), nokre gonger skrive Moshe Weinberger, var ein israelsk brytetrenar. Han trente det israelske internasjonale brytelaget og var trenar for Hapoel Tel Aviv. Då han var ungdom var han meister i bryting, og då han vart vaksen var han aktiv i åtte år. Karrieren starta han i Hapoel Haifa, og vart seinare trenar på Wingate Institute. Som nasjonal brytetrenar vart han sendt til sommar-OL 1972 i München. Han var mellom elleve frå den israelske OL-troppen som vart drepen av palestinske terroristar i München-massakren.

Sommar-OL 1972[endre | endre wikiteksten]

Tidleg på morgonen 5. september 1972 brot palestinske medlemmar av gruppa Svart september seg inn i OL-landsbyen og seinare inn i Bustad 1 i Connolystraβe 31, huset der fem trenarar pg to dommarar frå den israelske OL-troppen var. Den fyrste israelaren terroristane møtte var Weinberg. Det er uklårt om han var i huset då terroristane kom, eller om han vart teken til fange då han gjekk inn. Då han såg alvoret i situasjonen gjekk han til angrep, men vart skoten i skinnet. Weinberg vart teken av terroristane for å finne fleire israelarar. Han leia dei forbi Bustad 2, huset til fektarane og skyttarane, og tok terroristane med til Bustad 3 i staden for. Der fanga terroristane seks vektløftarar og brytarar. Medan gislane vart teken med att til bustaden til tenestemennene, vart Weinberg att angripen av terroristane. Han vart banka bevisstlaus og fylgjer etter brytaren Gad Tsobari for å sleppe unna via ein undrjordisk garasje. Terroristane skaut Weinberg med maskingevær for dei kasta liket ut på gata for å demonstrere. Dei andre som vart teken til fange vart òg drepen i det som seinare vart kjend som München-massakren.

Sonen hans, den israelske skodespelaren Guri Weinberg, portretterte han i filmen München frå 2005.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]