Hopp til innhald

Movatn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Movatn
tettstad
Søre Movatn og Movatn stasjon
Land  Noreg
Fylke Oslo
Kommune Oslo
Areal 0,53 km²
Folketal 308  (2024)
Folketettleik 581 / km²
Postnummer 0890 Oslo
Kart
Movatn
60°02′24″N 10°48′24″E / 60.04°N 10.806666666667°E / 60.04; 10.806666666667
Wikimedia Commons: Movatn

Movatn er ein tettstad i Maridalen i Oslo kommune, som ligg 19 kilometer nord for Oslo sentrum og like ved kommunegrensa mot Nittedal. Han er den einaste tettstaden i kommunen Oslo utanfor tettstaden Oslo og har 308 innbyggjarar per 1. januar 2024.

Movatn er mest kjent som ein haldeplass på Gjøvikbanen med Movatn stasjon. Bygda er mykje brukt som utgangspunkt til utfartar i Oslomarka. Både Nordmarka og Lillomarka er godt tilgjengelege herfrå både sommar og vinter.[1]

  1. «Movatn». Store norske leksikon. 17. februar 2009. Henta 16. april 2018.