Medina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 24°28′N 39°36′E
Medina
المدينة المنورة, Al-Madīnah al-Munawwarah, Yathrib
by
none  Med klokka frå øvst til venstre: al-Masjid an-Nabawi, Den grøne kuppelen, al-Baqi'-gravplassen, Quba-moskeen og Hejaz jernbanemuseum
Med klokka frå øvst til venstre: al-Masjid an-Nabawi, Den grøne kuppelen, al-Baqi'-gravplassen, Quba-moskeen og Hejaz jernbanemuseum
Land Flag of Saudi Arabia.svg Saudi-Arabia
Region Al Madinah
Høgd 608 moh
Koordinatar 24°28′N 39°36′E
Areal 589 km²
Folketal 1 180 770 (2010) [1]
 - by 918 489
Folketettleik 2 005 / km²
Borgarmeister Khalid Taher
 - Regionsguvernør Faisal bin Salman bin Abdulaziz Al Saud
Tidssone Arabisk standardtid (UTC+3)
Saudi Arabia location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Medina

Medina (arabisk المدينة المنورة, al-Madīnah al-Munawwarah eller المدينة, al-Madīnah) er ein by i Hejaz i Saudi-Arabia, og hovudstad i Al Madinah-regionen i Saudi-Arabia. Her ligg al-Masjid an-Nabawi (Profetmoskeen), som er gravplassen til den islamske profeten Muhammed, og han er den nest mest heilage byen i islam etter Mekka.

Medina var staden Muhammed drog etter sin hijrah fr Mekka, ög vart hovudstaden i det stadig veksande muslimske riket, først under Muhammed, og så under dei første tre Rashidun-kalifane Abu Bakr, Umar og Uthman. Han var maktbasen til islam dei første hundreåra, der tidlege muslimske samfunn utvikla seg. Medina har dei tre eldste moskéane i verda, nemleg Quba-moskeen, al-Masjid an-Nabawi,[2] og Masjid al-Qiblatayn («moskéen til dei to qibla»). Muslimane at dei kronologisk siste suraene i Koranen vart openbert for profeten i Medina.[3][4]

Som for Mekka, har ikkje ikkje-muslimar løyve til å gå inn i den heilage kjernen av Medina (men forbodet gjeld ikkje heile byen) eller sentrum av byen.[5][6][7]

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Det arabiske ordet al-Madīnah (المدينة) tyder berre «byen». Før islam kom til staden vart byen kalla Yathrib (يثرب). Ordet Yathrib er nedskrive i Surat al-Ahzab i Koranen.

Byen vert òg kalla Taiba (طيبة). Eit alternativt namn er al-Madīnah an-Nabawīyah (المدينة النبوية) eller Madīna-tu an-Nabī «byen til profeten».

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

I 2006 hadde byen Medina kring 1,3 millionar innbyggjarar. I tillegg til dei arabiske innbyggjarane, var Yathrib i den før-islamske tida busett av jødiske flyktningar. Seinare vart namnet på byen endra til al-Madīnatu n-Nabī (arabisk المدينة النبي, «byen til profeten») eller al-Madīnatu 'l-Munawwarah (arabisk المدينة المنورة «den opplyste byen»). Medina vert hylla for al-Masjid an-Nabawi og som byen som gav tilflukt til profeten og følgjesveinane hans, og er rangert som den nest mest heilage byen i islam, etter Mekka. Muhammed vart gravlagd i Medina, under Den grøne kuppelen, og det same vart dei to første Rashidun-kalifane, Abu Bakr og Umar, som vart gravlagde ved sidan av han i det som vert kalla profethuset.[8]

Medina ligg 340 km nord for Mekka og kring 190 km frå kysten av Raudehavet. Han ligg i den mest frodige delen av Hejaz, og elvar i området flyt saman i dette området. Ei enorm slette strekkjer seg mot sør.

Den historiske byen forma ein oval, omgjeve av ein kraftig mur, kring 10-13 m høg, datert til 1100-talet. med tårn på sidene. Ei borg stod på ei klippe. Av dei fire portane var særleg Bab-al-Salam, eller den egyptiske porten, kjend for venleiken sin. Utafor bymurane var det forstader med låge hus, hagar og plantasjar i vest og sør. Desse forstadane hadde òg murar og portar. Nesten heile den historiske byen har blitt øydelagd i saudiarabisk tid. Den gjenoppbygde byen ligg på al-Masjid an-Nabawi.

Gravene til Fatimah (dotter til Muhammed) og Hasan (barnebarnet til Muhammed), ved sidan av moskéen ved Jannat al-Baqi, og Abu Bakr (den første kalifen og far til kona til Muhammed, Aisha), og Umar (Umar ibn Al-Khattab), den andre kalifen, låg òg her. Moskeen er datert attende til tida til Muhammed, men har to gonger brend ned og bygd opp att.[9]

På grunn av den religiøse politikken til den saudiarabiske staten, og uro for at historiske stader skal verte eit fokus for tilbeding, har mange av dei historiske, islamske byggverka i Medina blitt øydelagd sidan saudiarabarane tok over makta i området.

Medina i islam[endre | endre wikiteksten]

Den religiøse statusen til Medina kjem av al-Masjid an-Nabawi. Grava til profeten Muhammed vart seinare ein del av moskéen då han vart utvida av omajadane-kalifen Al-Walid I. Fjellet Uhud er eit fjell nord for Medina som var åstad for det andre slaget mellom muslimske styrkar og styrkar frå Mekka.

Den første moskéen som vart bygd i tida til Muhammed ligg òg i Medina og vert kalla Quba-moskeen. Han vart øydelagd av eit lynnedslag, truleg kring 850, og gravene vart nesten gløymd. I 892 vart staden rydda, gravene vart funnen att og ein fin moské vart bygd opp att. Denne vart øydelagd av ein brann i 1257 og bygd opp att kort tid etter. Han vart restaurert av Qaitbay, ein egyptisk herskar, i 1487.[9]

Masjid al-Qiblatain er ein annan moské som er historisk viktig for muslimar. Det er her profeten endra retninga for bøna (qibla) frå Jerusalem til Mekka i følgje sunni-hadithar.[10]

Som Mekka har berre muslimar løyve til å kome inn i delar av byen Medina, men haramen (området lukka for ikkje-muslimar) i Medina er mykje mindre enn det tilsvarande området i Mekka, og mange anlegg i utkanten av Medina er opne for ikkje-muslimar, medan heile Mekka-området er lukka for ikkje-muslimar. Mange muslimar vitjar dei mange moskeane i begge byane under sin umrah (den andre pilegrimsreisa etter hajj). Hundretusenvis av muslimar kjem til Medina kvart år for å vitje grava til profeten. Al-Baqi' er ein viktig gravplass i Medina der fleire av familiemedlemmane til Muhammed, kalifar og lærde ligg gravlagd.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Jødisk påverknad[endre | endre wikiteksten]

På 300-talet byrja arabiske stammer å kome til området frå Jemen, og det var tre viktige jødiske stammer som var busett i byen på 600-talet: Banu Qaynuqa, Banu Qurayza og Banu Nadir.[11] Ibn Khordadbeh skreiv seinare at medan persarane styrte over Hejaz, tente Banu Qurayza som skatteinnsalmararfor sjahen.[12]

Historisk Medina

Situasjonen endra seg då to nye arabiske stammer kalla frå Banu Aus (eller Banu 'Aws) og Banu Khazraj frå Jemen. Først var desse stammene allierte med dei jødiske herskarane, men seinare gjorde dei opprør og vart sjølvstendige.[13] Mot slutten av 400-talet, mista dei jødiske herskarane kontrollen over byen til Banu Aus og Banu Khazraj. Jødisk leksikon skriv at «ved å hente inn støtte frå utsida og massakrere dei viktigaste jødane under ein middag», fekk Banu Aus og Banu Khazraj omsider makta i Medina.[11]

Den tidlege muslimske historikaren Ibn Ishaq fortel om ein førislamsk konflikt mellom den siste jemenittiske kongen av Himjar[14] og innbyggjarane i Yathrib. Då kongen passerte oasen, tok innbyggjarane livet av sonen hans, og den jemenittiske herskaren truga med å utslette folket og hogge ned palmane. I følgje Ibn Ishaq vart han stoppa frå å gjere dette av to rabbiar frå Banu Qurayza-stamma, som bad kongen spare oasen fordi det var staden der «ein profet frå Quraysh skal kome her med tida, og det vil vere heimen og kvilestaden hans.» Den jemenittiske kongen øydela derfor ikkje byen og konverterte til jødedom. Han tok rabbiane med seg og i Mekka skal dei ha vedteke Ka'ba som eit tempel bygd av Abraham og rådde kongen «til å gjere det folket i Mekka gjorde, gå i ring rundt tempelet, æra det, barbere hovudet og oppføre seg audmjukt til han hadde forlate området.» Då dei prøvde å vende om Jemen, fortel ibn Ishaq, demonstrerte rabbiane for dei lokale innbyggjarane eit mirakel der dei kom uskadd ut av ein eld og jemenittane aksepterte jødedomen.[15]

Til slutt vart Banu Aus og Banu Khazraj fiendar og under Muhammed sin hijra (emigrasjon) til Medina i 622 evt./1 AH, hadde dei sloss i 120 år og var svorne fiendar av kvarandre.[16] Banu Nadir og Banu Qurayza var allierte med Aus, medan Banu Qaynuqa tok Khazraj si side.[17] Dei utkjempa i alt fire krigar.[13]

Det siste og blodigaste slaget deira var slaget ved Bu'ath[13] som vart utkjempa eit par år før Muhammed kom.[11] Slaget endte uavgjort og feiden heldt fram. Abd-Allah ibn Ubayy, høvdingen til Khazraj, hadde nekta å ta del i slaget, noko som gav han eit rykte om rettkjensle og fred. Før Muhammed kom var han dem est respekterte innbyggjaren i Yathrib. For å løyse den pågåande feiden møtte uroa innbyggjarar frå byen Muhammed i løyndom i Aqaba, og inviterte han og følgjesveinane hans til Yathrib, der han kunne fungere som meklar mellom dei to fraksjonane.

Muhammed kjem til Medina[endre | endre wikiteksten]

Quba-moskeen er den første moskeen i historia som vart bygd av Muhammed då han kom til Medina.

I 622 evt./1 AH kom Muhammed og kring 70 følgjesveinar frå Mekka til Yathrib. Dette omforma det religiøse og politiske landskapet i byen fullstendig. Den langvarige striden mellom Aus og Khazraj vart dempa då mange av frå dei to arabiske stamme og somme lokale jødar konverterte til islam. Muhammed vart valt som leiar i byen. Folka frå Yathrib som konverterte til islam vart kalla ansar («vernarane» eller «hjelparane»).

I følgje Ibn Ishaq, signerte dei lokale heidenske, arabiske stammene, dei muslimske følgjesveinane frå Mekka, dei lokale muslimane (ansar) og den jødiske folkesetnaden i området ein avtale, kalla Medinakonstitusjonen, der alle partar skulle samarbeide under Muhammed. Dokumentet er omstridd, og mange vestlege historikarar meiner at avtalen var ei samling av forskjellige avtalar, dei fleste munnlege, medan andre forskarar, både muslimske og vestlege, hevdar at teksten, om det var eit enkelt dokument eller fleire, kan han vore den eldste islamske teksten som finst.[18]

Hovudstad for tidleg islam og kalifatet[endre | endre wikiteksten]

Gammal avbilding av Medina under osmanarane.

I dei ti åra etter hijra, var Medina basen Muhammed og den muslimske hæren hans nytta til å gå til åtak, og bli angripen, og det var frå her han marsjerte mot Mekka, og gjekk til kamp mot byen i 629 evt./8 AH. Etter dette, trass i at Muhammed kom frå Mekka og at heilagdomen kaba ligg her, vendte Muhammed attende til Medina, som i fleire år vart verande den viktigaste byen i islam og hovudstaden i det tidlege kalifatet.

Yathrib fekk namnet Medina frå Madinat al-Nabi («Byen til profeten» på arabisk) til ære for Muhammed, som døydde der. Lucien Gubbay har føreslått at det òg kan kome frå arameiske ordet Medinta, som dei jødiske innbyggjarane kan ha kalla byen.[19])

Under dei første tre kalifane, Abu Bakr, Umar og Uthman, var Medina hovudstaden i det raskt veksande muslimske riket. Under perioden til Uthman, den tredje kalifen, gjekk ei gruppe arabarar frå Egypt, som var misnøgd med dei politiske avgjerslene hans, til åtak på Medina i 656 evt./35 AH og tok livet av han i sin eigen heim. Ali, den fjerde kalifen, flytta hovudstaden i kalifatet frå Medina til Kufa i Irak. Etter det vart Medina mindre viktig, og fekk meir religiøs enn politisk makt.

Etter oppdelinga av kalifatet kom byen under forskjellige herskarar, inkludert mamelukkanes i Kairo på 1200-talet og til slutt Det osmanske riket i 1517.[20]

Fyrste verdskrigen til saudiarabisk kontroll[endre | endre wikiteksten]

På byrjinga av 1900-talet, under fyrste verdskrigen, var Medina åstad for ein av dei lengste kringsetjingane i historia. Medina høyrte då til det tyrkiske osmanske riket. Hashemitt-klanen styrte lokalt som sharif eller emir av Mekka. Fakhri Pasha var den osmanske guvernøren i Medina. Ali bin Hussein, sharifen av Mekka og leiaren for den hashemittiske klanen, gjorde opprør mot kalifen i Konstantinopel (Istanbul) og støtta Storbritannia. Byen Medina vart kringsett av styrkane til sharifen og Fakhri Pasha heldt ut omleiringa av Medina frå 1916 til 10. januar 1919. Han nekta å overgje seg og helt ut enno 72 dagar etter våpenkvilen i Moudros, før han vart arrestert av sine eigne menn.[21] I vente av plyndringa og øydeleggjinga som følgde, fekk Fakhri Pasha sendt bort heilage leivningar frå Medina til Istanbul.[22]

I 1920 skildra britane Medina som «mykje meir sjølvforsørgande enn Mekka.»[23] Etter fyrste verdskrigen vart den hashemittiske Sayyid Hussein bin Ali utnemnd til konge av eit sjølvstendig Hejaz. Kort tid etter, i 1924, vart han slått av Ibn Saud, som innlemma Medina og heile Hejaz i det moderne kongedømet Saudi-Arabia.

Medina i dag[endre | endre wikiteksten]

Den moderne byen Medina.

I dag er Medina ein viktig regionshovudstad i den vestlege saudiarabiske provinsen Al Madinah, i tillegg til å vere den nest mest heilage byen i islam. I tillegg til den heilage, indre kjernen i gamle byen, som avstengd for ikkje-muslimar, er Medina ein moderne, multietnisk by busett av saudiarabarar og mange utanlandske arbeidarar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Jordsmonnet kring Medina består hovudsakleg av basalt, medan åsane, særleg sør for byen, er vulkansk oske som er datert til paleozoikum.

I 1256 vart Medina truga av ein lavastraum frå det siste utbrotet til Harrat Rahat.[24]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Medina har eit varmt ørkenklima (Köppen si klimaklassifisering BWh). Somrane er særs heite med dagtemperaturar normalt kring 40 °C med netter kring 28 °C. Temperaturar over 45 °C er ikkje uvanleg mellom juni og september. Vintrane er milde med temperaturar frå 12 °C om natta til 24 °C om dagen. Det er særs lite nedbør og det meste kjem mellom november og mai.

Klimadata for Medina
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Varmerekord °C 32.0 35.5 40.0 41.4 46.0 47.0 47.5 46.5 46.4 41.5 36.0 32.2 47,5
Normal maks. temp. °C 23.6 26.1 30.2 33.9 38.9 41.7 39.3 42.2 41.0 36.4 29.7 25.0 34 00
Døgnmiddeltemp. °C 17.7 19.9 23.8 27.6 32.2 35.8 36.0 35.9 34.4 29.4 23.4 19.0 27 93
Normal min. temp. °C 10.6 11.3 15.4 19.8 23.9 26.5 26.4 27.7 25.1 20.9 15.2 11.9 10,6
Kulderekord °C 1.0 5.0 7.0 11.5 14.0 21.7 22.0 23.0 18.2 11.6 9.0 3.0 1
Nedbør (mm) 8.0 1.2 8.3 11.9 4.6 0.4 0.2 0.3 0.1 1.1 9.2 3.8
relativ fukt 38 34 28 26 17 13 16 17 17 21 36 40 25,3
Kjelde: NOAA (1961–1990)[25]
Masjid Nabawi i solnedgang.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Population». Statistical Yearbook 47 (2011). Central Department Of Statistics & Information. http://www.cdsi.gov.sa/yb47/Pages/MixChapter2.htm. Henta 15. november 2013. 
  2. «Masjid Quba' – hajj». Saudi-Arabia: Hajinformation.com. http://www.hajinformation.com/main/h2022.htm. Henta 26. mars 2013. 
  3. Historical value of the Qur'ân and the Ḥadith A.M. Khan
  4. What Everyone Should Know About the Qur'an Ahmed Al-Laithy
  5. Esposito, John L.. What everyone needs to know about islam. Oxford University Press. s. 25. Arkivert frå originalen.. https://books.google.com/books?id=2wSVQI3Ya2EC&pg=PA25&dq=non-muslims+in+Mekka&hl=en&sa=X&ei=fgNZT5LBC-mqiQK3iLiaCw&ved=0CEcQ6AEwBA#v=onepage&q=non-muslims%20in%20Mekka&f=false. 
  6. Sandra Mackey's account of her attempt to enter Mecca in Mackey, Sandra. The saudiarbarar: Inside the Desert Kingdom. W. W. Norton & Company. ss. 63–64. ISBN 0-393-32417-6. 
  7. Cuddihy, Kathy. An A To Z Of Places And Things Saudi. Stacey International. s. 148. ISBN 1-900988-40-2. 
  8. The Fourth Holy City
  9. 9,0 9,1 1954 Encyclopedia Americana, vol. 18, pp.587, 588
  10. «Place All Pilgrims Must Visit During or After Performing hajj / umrah». Dawntravels.com. http://blog.dawntravels.com/performing-hajj-umrah/. Henta 2. september 2014. 
  11. 11,0 11,1 11,2 Jødisk leksikon Medina
  12. Peters 193
  13. 13,0 13,1 13,2 "Al-Medina." Encyclopaedia of islam
  14. Muslimske kjelder kallar vanlegvis Himjar-kongane tittelen «Tubba».
  15. Guillaume 7–9, Peters 49–50
  16. Subhani, The Message: The Events of the First Year of Migration Arkivert mai 24, 2012 på Wayback Machine.
  17. For alliances, see Guillaume 253
  18. Firestone 118. Peters 116; «Muhammed», «Encyclopaedia of islam»; «Kurayza, Banu», «Encyclopaedia of islam».
  19. The Jews of Arabia. By Lucien Gubbay
  20. Historical Dictionary of the Det osmanske riket
  21. Peters, Francis (1994). Mecca: A Literary History on Muslim Holy Land. PP376-377. Princeton University Press. ISBN 0-691-03267-X
  22. Mohmed Reda Bhacker (1992). Trade and Empire in Muscat and Zanzibar: Roots of British Domination. Routledge Chapman & Hall. P63: Following the plunder of Medina i 1810 'when the Prophet's tomb was opened and its jewels and relics sold and distributed among the Wahhabi soldiery'. P122: the Ottoman Sultan Mahmud II was at last moved to act against such outrage.
  23. Prothero, G.W.. Arabia. London: H.M. Stationery Office. s. 103. Arkivert frå originalen.. http://www.wdl.org/en/item/11767/view/1/103/. 
  24. Bosworth,C. Edmund: Historic Cities of the islamic World, s. 385
  25. «Madinah Climate Normals 1961–1990». National Oceanic and Atmospheric Administration. ftp://ftp.atdd.noaa.gov/pub/GCOS/WMO-Normals/RA-II/SD/40430.TXT. Henta 19. desember 2012.  Henta on 24. november 2011.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Medina
  • Wikivoyage-Logo-v3-icon.svg Reiseguide for Medina frå Wikivoyage