Munchique nasjonalpark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Parque Nacional Natural Munchique
nasjonalpark
Munchique nasjonalpark
Land  Colombia
Departement Cauca
Kommune El Tambo
Koordinatar 2°42′0″N 77°5′0″W / 2.70000°N 77.08333°W / 2.70000; -77.08333
Areal 440 km²
Grunnlagd 1977
Styre SINAP
Kart
Munchique nasjonalpark
2°42′00″N 77°05′00″W / 2.7°N 77.08333333°W / 2.7; -77.08333333
Wikimedia Commons: Parque Nacional Natural Munchique

Munchique nasjonalpark (spansk: Parque Nacional Natural Munchique) er ein nasjonalpark som ligg i Cauca-departementet i vestre Andes-regionen, Colombia. Det er 30 elver og 40 fossar i området. Mangfaldet av temperatursonar gjer parken til eit paradis for fuglar, spesielt kolibriar.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Solnedgang over Munchique-fjella

Parken ligg i kommunen El Tambo, i vestskråninga av vestre fjellkjeda i Andes, 61 km frå departementhovudstaden Popayán. Han deler grenser med kommunane Lopez og Morales Cajibio.

Området vart oppretta som nasjonalpark i mai 1977 og dekker eit areal på 440 km2. Parken fekk namnet sitt frå Munchique-fjellet, som ligg i den søraustlege delen av området. Mange av elvene i området er sideelver til elva San Juan de Micay, ei av dei største elvene i det colombianske stillehavsbassenget, som til slutt når Stillehavet.[2] For tida er utgjer trugsmåla mot parken ulovleg jordbruk og andre økologiske truslar.[2]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Det er fleire temperatursonar i området, skiftande med høgd: varmt, 200–1000 m over gjennomsnittleg havnivå; temperert, 1000-2000 moh.; og kaldt, 2000-3500 moh. Gjennomsnittleg temperatur er 24 °C i nedre høgder og 8 °C på øvste høgdnivå. Gjennomsnittleg årleg nedbør er 3000 mm i dei høgare delane, og det aukar betydeleg med minkane høgd opp til 5000 mm i nedre område.[3] Den største nedbørsmengda kjem i desember og minimum nedbør finn ein i juni-august. Det tunge regnet resulterer i ei relativ fukt på 87 %.[4]

Flora og fauna[endre | endre wikiteksten]

I dei varme og tempererte sonane er det mogleg å finne trevekster med kroner som når over 40 meter over bakken.[3] Mengda av tre avtar med høgd over havet og epifyttar vert vanlegare.[4]

Parken har ein av Colombias høgaste biodiversitetsindeksar og ei høg mengd endemiske og truga artar, dette på grunn av låg menneskeleg aktivitet i området og mangfald av termiske nivå.[1][4] Om lag 500 fugleartar er registrerte i området, kor 37 er kolibriar. Iaugefallande fuglar inkluderer andesparasollfugl og regnbogedunfot, den sistnemnde er ein kolibriart som er endemisk for regionen. Parken er òg heimen til 182 pattedyr, blant anna brillebjørn, puma, jaguar, andespudu (Pudu mephistophiles), søramerikansk nasebjørn, spissmusarten Cryptotis squamipes, trepiggsvin og tre artar av amerikanske flekka småkattar, inkludert nordleg tigerkatt, Leopardus tigrinus. Andre artar inkluderer 71 amfibium, 70 flaggermus og 55 sommarfuglartar (alle i Satyrinae-underfamilien ringvenger).[3][4] Paddearten Rhaebo atelopoides er berre kjent frå denne parken. I 2003 vart det funne ein ny art av gjerdesmettfamilien i området, tåkeskogsmett. Både det spanske og engelske artsnamnet er etter parken.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 «Parque Nacional Natural de Munchique» (på spansk). Parques Nacionales Naturales de Colombia. Henta 3. oktober 2018. 
  2. 2,0 2,1 Villegas & Sesana 2007, s. 143
  3. 3,0 3,1 3,2 «Munchique, Tesoro Selvático Del Cauca». El Tiempo. 29. august 1997. Henta 3. oktober 2018. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 Villegas & Sesana 2007, s. 144
  5. Salaman; et al. (2003), «A new species of Wood-wren (Troglodytidae: Henicorhina) from the Western Andes of Colombia» (PDF), Ornitología Colombiana, ISSN 1794-0915, arkivert frå originalen (PDF) 28. juli 2004, henta 3. oktober 2018