Jaguar
| Jaguar | |
Jaguarhann | |
| Utbreiing og status | |
| Status i verda: Utbreiinga av jaguar | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Klasse: | Pattedyr Mammalia |
| Orden: | Rovpattedyr Carnivora |
| Familie: | Kattefamilien Felidae |
| Slekt: | Store kattedyr Panthera |
| Art: | Jaguar P. onca |
| Vitskapleg namn | |
| Panthera onca | |
Jaguaren (Panthera onca) er eit stort kattedyr som lever i heile Latin-Amerika. Han vert rekna som det amerikanske motstykket til leoparden, men er større og tyngre og manglar evna til å brøla.

Ordet jaguar kjem frå tupi-guarani jaguara, eit namn som opphavleg blei brukt om alle store rovpattedyr.[1]
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Jaguaren liknar ein leopard, men er større og tyngre. Han er som regel gulbrun med svarte flekkar, er 110-190 cm lang og veg frå 55 til 120 kg. Heilt svarte jaguarar (pantrar finst òg.
Levevis
[endre | endre wikiteksten]Jaguaren trivst best i tett vegetasjon med lett tilgang til vatn, men ein kan treffa på han i dei fleste biotopar i det store utbreiingsområdet, som går frå Mexico i nord til Patagonia i sør.
Kosthaldet til jaguaren består hovudsakleg av store til mellomstore pattedyr, fuglar og krypdyr. Han er òg flink til å fanga fisk. Jaguarar lever og jaktar åleine, og trass i at dei er dyktige klatrarar, fangar dei helst byttet sitt på bakken.
Jaguarar søker berre selskapet til artsfrendar i paringstida. Kvar ho føder mellom to og fire ungar, som veg opp mot ein kilo ved fødselen. Dei heldt seg med mora til dei vert kjønnsmogne i toårsalderen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «jaguar, n.», OED Online, Oxford University Press, June 2016
- Verdens dyr, Cappelen 1985
- Vår forunderlige verden, Skandinavisk Presse AS 1990
- Denne artikkelen bygger på «Jaguar» frå Wikipedia på engelsk, den 11. august 2006.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (en) jaguar i Catalogue of Life
- (en) jaguar i Encyclopedia of Life
- (en) jaguar i Global Biodiversity Information Facility
- (en) jaguar hos Fossilworks
- (en) jaguar hos ITIS
- (en) jaguar hos NCBI
- (en) Kategori:Panthera onca – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Panthera onca – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Panthera onca – detaljert informasjon på Wikispecies