Muslimsk nyttår

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nyttårshelsing for det muslimske året 1431, som tok til 18. desember 2009 etter vestleg tidsrekning.

Nyttår i den muslimske kalenderen finn stad ved byrjinga av muharram. Høgtida er kjend som ras as-sana ('hovudet på året', likt hebraisk rosj hasjana) eller al-Hidjra ('reisa' eller 'flytting') etter Muhammed si reise frå Mekka til Medina og grunnla eit muslimsk samfunn. Hendinga er rekna som byrjinga på år 1 i muslimsk tidsrekning, og fann stad i år 622 etter vestleg tidsrekning.

Muslimsk nyttår markerer inngangen på ei heilag tid. Muharram er den første av fire månader der krigføring er forbode. I denne månaden fell asjura, ei høgtid knytt til faste og, for sjiamuslimar, stor sorg. Hidjra markerer også byrjinga på det muslimske fellesskapet. Høgtida blir ikkje markert med noka stor feiring, som id ul-fitr eller vestleg nyttår, men ein kan fokusera på tydinga av Hidjra, laga nyttårsforsett og liknande.

Sidan det muslimske måneåret er 11-12 dagar kortare enn solåret, flytter høgtida seg i høve til årstidene. Kva tid dagen fell i framtida kan heller ikkje fastsetjast heilt, ettersom han baserer seg på at ein ser nymånen.

Tidspunkt[endre | endre wikiteksten]

  • 1410 e.H: 2. august 1989
  • 1411 e.H: 23. juli 1990
  • 1412 e.H: 12. juli 1991
  • 1413 e.H: 1. juli 1992
  • 1414 e.H: 20. juni 1993
  • 1415 e.H: 10 juni 1994
  • 1416 e.H: 30. mai 1995
  • 1417 e.H: 19. mai 1996
  • 1418 e.H: 8. mai 1997
  • 1419 e.H: 28. april 1998
  • 1420 e.H: 17. april 1999
  • 1421 e.H: 5. april 2000
  • 1422 e.H: 26. mars 2001
  • 1423 e.H: 15. mars 2002
  • 1424 e.H: 4. mars 2003
  • 1425 e.H: 22. februar 2004
  • 1426 e.H: 10. februar 2005
  • 1427 e.H: 31. januar 2006
  • 1428 e.H: 20. januar 2007
  • 1429 e.H: 10. januar 2008
  • 1430 e.H: 29. desember 2008
  • 1431 e.H: 18. desember 2009
  • 1432 e.H: 7. desember 2010
  • 1433 e.H: 26. november 2011
  • 1434 e.H: 15. november 2012
  • 1435 e.H: 4. november 2013




Kjelder[endre | endre wikiteksten]