Id ul-fitr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Id-måltid i Malaysia.
Foto: Syefri Zulkefli

Id ul-fitr (arabisk عيد الفطر, ʻĪd al-Fiṭr', IPA: [ʕiːd al fitˤr]) 'festen for brotet'), ofte berre kalla id, er ei muslimsk høgtid som markerer slutten på fastemånaden ramadan. Ho blir feira med bønesamlingar, gjestebod og ved at ein tek på seg nye klede. Det er vanleg å vitja gravstader og gje gåver og almisser i samband med id, og høgtida blir ofte samanlikna med jul.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Første gongen id blei feira var i 624, etter at profeten Mohammed og følgjet hans hadde sigra i slaget ved Badr. Id er både ei markering av enden på fasta og ei feiring av auka gudsfrykt. Dei truande takkar Gud for at han gav dei styrke til å gjennomføra fasta.

Feiring[endre | endre wikiteksten]

Datoar for id
  • 2010: 10. september
  • 2011: 31. august
  • 2012: 19. august
  • 2013: 8. august
  • 2014: 28. juli
  • 2015: 19. juli
Datoar i framtida er berre omtrentlege.

Dato[endre | endre wikiteksten]

Id-feiringa tek til ved solnedgangen dagen før den 1. sjavvar i den muslimske kalenderen. Det finst ulike tradisjonar for å bestemma kva tid ein ny månad tek til i kalenderen. Nokre held fast på at ein må sjå nymånen før ein ny månad tek til, andre meiner at ein kan forutsjå denne hendinga og at månaden tek til også om det til dømes er overskya.

Religiøs feiring[endre | endre wikiteksten]

«Elsk og bli elska» – ei idhelsing på eit lysskilt mellom to minaretarDen blå moskeen i Istanbul.

Byrjinga av den nye månaden blir markert ved å seia takbir («Allahu akbar...»). Kvelden kan òg markerast med ein rituell vask, bøn og tilbeding av Gud. Ein er pålagt å ikkje fasta neste dag, nettopp for å markera at ramadan er over.

Bøna neste morgon, salah, er pålagt alle muslimar, men det blir ikkje kalla til bøn (adhán) ved dette høvet. Dei som bed skal ha på seg reine, helst nye, klede. Bøna blir følgd av ei preike (khutba) som ein ikkje er pålagt å høyre. Ein ber så (dua') om tilgjeving, nåde og hjelp til alle muslimar. Deretter er det vanleg å omfamna dei ein er ved sida av og gjerne også slekt, venner og kjende. Ifølge ein hadith etter al-Bukhari bør ein gå heim ein annan veg enn den ein gjekk til bønestaden.

Før dei kan be fellesbøna for id må kvar og ein av dei som kan gje almisser (zakát), til trengande. Denne id-almissa kjem i tillegg til vanleg zakát som er ein av dei muslimske søylene. Gåva blir gjerne samla inn av moskeen og gjeven vidare derfrå. Det er vanleg å gje henne ifrå seg i god tid før id, slik at dei fattige kan bruka henne til si feiring.

Verdsleg feiring[endre | endre wikiteksten]

Ein familie samla til id i Singapore.

Mange dreg heim til staden dei kjem frå for å feira høgtida saman med familien. Dette skaper reisekaos over store delar av den muslimske verda før og etter id al-fitr.

Under id er det vanleg å be kvarandre om tilgjeving og å fornya vennskap og slektskapsband. Mange muslimar vil òg vitja gravstadane til slektningar, for å stella gravene og be bøner for dei avdøde.

Ein gjev ofte gåver, særleg til kvinner og ungar. Kvinner får gjerne klede og smykke medan ungane kan få pengar.

Ulike tradisjonar[endre | endre wikiteksten]

Folkemengder i sentrum av Hyderabad i India.
Desserten asida er ein typisk id-rett i Libya.

Muslimar i ulike land har sine eigne mattradisjonar og skikkar for id. Afroamerikanske muslimar kan til dømes feira dagen med ei god steik, medan folk frå andre land har sine særskilde festrettar.

I Indonesia er det vanleg å feira siste kvelden av ramadan med takbiran, opptog med store bedug-trommer der folk i alle aldrar seier takbiren i ein mikrofon. I mange delar av Malaysia tenner ein oljelampar rundt omkring husa.

I Sør-Asia er kvelden ein ser nymånen ei viktig tid då familiar går ut for å handla og kvinner dekorerer hendene sine med henna og armringar. Unggutar kan leika med små fyrverkeri.

I sjiamuslimske Iran er feiringa av id meir avdempa og personleg. Ein vanleg tradisjon er at ein familie gjev mat til minst same talet utanforståande som det er medlemmer i familien.

Namn og helsingar[endre | endre wikiteksten]

Id al-fitr er også kjend som hari raya ('den store dagen') aidil fitri i Malaysia og Singapore, Idul fitri og lebaran i Indonesia, sjemai eid i Bangladesh og ramazan bayramı i Tyrkia.

Vanlege helsingar for denne høgtida er er frasar som tyder 'gledeleg id', som dei arabiske id mubarak eller id sayid og selamat hari raya eller selamat idul fitrimalaysisk og indonesisk. På dei to sistnemnde språka er det meir vanleg å seia Maaf zahir dan batin, 'eg er lei meg', ettersom dagen her blir brukt for å gjera opp med synder.

Høgtida er òg kjend som id as-seghir (arabisk عيد الصغير, 'den vesle festen') som motsvar til id al-kabir, 'den store festen', eit anna namn på id ul-adha.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Id ul-fitr