Muzayrib

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Muzayrib
مزيريب
by
Land  Syria
Guvernement Daraa guvernement
Distrikt Daraa-distriktet
Nahiyah Muzayrib
Koordinatar 32°42′39.2″N 36°1′35.8″E / 32.710889°N 36.026611°E / 32.710889; 36.026611
Folketal 12 640  (2004)[1]
Tidssone EET (UTC+2)
Kart
Muzayrib
32°42′39″N 36°01′36″E / 32.71088889°N 36.02661111°E / 32.71088889; 36.02661111
Wikimedia Commons: Muzayrib

Muzayrib (arabisk مزيريب, òg skrive Mzerib eller Mzereeb) er ein by sør i Syria i Daraa guvernement, nordvest for Daraa ved grensa til Jordan. Av stader i nærleiken finn ein al-Shaykh Saad og Nawa i nord, Da'el, Tafas og al-Shaykh Maskin i nordaust, og al-Yadudah i søraust. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, Muzayrib eit folketal på 12 640 i 2004.[1] Byen er òg det administrative senteret i Muzayrib nahiyah som består av ni landsbyar med eit samla folketal på 72 625.[1] Muzayrib har òg eit samfunn av palestinske flyktningar.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Under osmanarane var byen kjend for kjeldene og basarane sine, og var den første store kvilestaden langs hadj-karavaneruta frå Damaskus til Mekka. Byen tente i lag med al-Shaykh Saad som adminstrative senter for regionen Hauran.[3] På 1500-talet vart det bygt ei festning på ordre frå den osmanske sultanen Selim I. Festninga hadde ein bøygd port, i motsetnad til andre fort i Haji som hadde ein rett inngang og vart bygd frå lokal, mørkegrå og hard basaltisk stein.[4]

I staden for lokale janitsjarar vart det sett ut soldatar ved festninga i Muzayrib.[5] Festnigna låg strategisk til i området bortanfor Damaskus, og demonstrerte den osmanske makta over Damaskus, som ofte gjorde opprør, både blant folket og dei lokale janitsarane. Leiarane i Damaskus heldt derfor streng kontroll over Muzayrib. På grunn av plasseringa langs pilegrimsruta Hajj vart det oppbevart store mengder tørrkaker i fortet for å gje dei til pilegrimane som var avhengig av kakene for når dei kryssa ørkenen, eller som reserveforsyningar for innbyggjarane i Damaskus.[6]

Mellom 1517 og 1757 vart hajj-karavanen ved Muzayrib angripe fem gonger av beduinar.[7] I 1770 vart den egyptiske opprørshæren til Ali Bey leia av Ismail Bey og ein alliert styrke leia av Dhaher al-Omar, den arabiske sjefen i Galilea, stoppa ved Muzayrib på veg for å erobre Damaskus. Då dei nådde Muzayrib for å møte guvernør Uthman Pasha, valde Ismail Bey å trekkje seg attende, fordi møtet skjedde samtidig med at hajj-karavanen kom til byen. Dhaher var imot tilbaketrekkinga.[8]

På 1800-talet inneheld fortet i Muzayrib store lagerhus, mindre bygningar og ein liten moske. Ei kjelde i nordaust tømde seg i eit lite tjern med mykje fisk. Ruinar låg langs vestsida av kjelda. Hajj-pilegrimane som kom til Muzayrib, som framleis var ein viktig kvilestad til karavaneruta, vart verande att i fleire dagar, og under kvar hajj vart det halde ein open marknad.[9] Ein turist skreiv mot slutten av hundreåret at staden ville ha blømd om det ikkje hadde vore for dei myrlendte områda kring som skapte mygg og feber.[10]

Byen vart knytt til det osmanske telegrafnettverket i Damaskus i 1875. Ein 103 km lang smalsporsbane mellom Muzayrib og Damaskus opna den 14. juli 1894. Linja vart forlenga til hamnebyen Beirut i 1985.[11] Jernbanen vart bygt langs ei underutvikla handelsrute og var økonomisk mislukka. Men det hjelpte å opne opp Libanon og utvikle jordbruksindustrien i dei frodige, vulkanske slettene i Golan og Hauran, og gjer dei til leiande produsentar av kveite i Midtausten.[12]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2004. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Daraa guvernement. (arabisk)
  2. واجب- خاص. «قتيلان وستة جرحى في شجار عشائري في تجمع المزيريب للاجئين الفلسطينيين» (på arabisk). تجمع العودة الفلسطيني - واجب. Arkivert frå originalen 23. februar 2014. Henta 1. oktober 2012. 
  3. Newbold, 1846, s. 337.
  4. Nicolle, 2010, s. 25.
  5. Peters, 1995, s. 154.
  6. Douwes, 2000, s. 106.
  7. Peters, 1995, s. 373.
  8. Rogan, 2009, Chapter 2.
  9. Socin, 1876, s. 404.
  10. Schumacher, 1897, s. 167
  11. Philipp; Schäbler, 1998, s. 85.
  12. Hograth, 2011, s. 220-221.