My Heart Will Go On

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
My Heart Will Go On (Love Theme from Titanic)
Singel av Céline Dion
frå albumet Titanic: Music from the Motion Picture og Let's Talk About Love
Utgjeve 8. desember 1997
Innspelt Mai 1997; Wallyworld, The Hit Factory
Sjanger Pop
Lengd 4:40 (album)
5:11 (filmversjon)
Selskap Columbia, Epic
Låtskrivar(ar) James Horner (musikk), Will Jennings (tekst)
Produsent Simon Franglen, James Horner, Walter Afanasieff
Céline Dion-kronologi
«The Reason»
(1997)
My Heart Will Go On (Love Theme from Titanic) «Immortality»
(1998)


«My Heart Will Go On (Love Theme from Titanic)» er temasongen til den særs populære filmen Titanic frå 1997, sungen av Céline Dion. Musikken vart komponert av James Horner og teksten skriven av Will Jennings, medan han vart produsert av Simon Franglen, James Horner og Walter Afanasieff,[1] it was recorded by Céline Dion.[2] Han kom først ut i 1997 på Titanic-albumet og Dion-albumet Let's Talk About Love og singelen gjekk til topps i heile verda, mellom anna i USA, Canada, Irland, Storbritannia, Australia og Noreg. «My Heart Will Go On» kom ut i Australia og Tyskland den 8. desember 1997, og i resten av verda i januar og februar 1998.[3] Det vart den største hitten til Dion og ein av dei mestseljande singlane gjennom tidene. Han vart òg den mestseljande singelen i verda i 1998.[4][5]

Historie[endre | endre wikiteksten]

James Horner hadde opphavleg komponert songen som eit instrumentalt tema som vart nytta i fleire scener i Titanic. Weston Hughes ønskte å lage ein full vokalsong av temaet, som kunne nyttast under rulleteksten. Regissøren James Cameron ønskte derimot ikkje ein slik song, men Will Jennings sette likevel i gang med å skrive teksten. Songarane Whitney Houston, Toni Braxton og Céline Dion stod alle på ønskelista til låtskrivarane om å synge songen. Verken Braxton eller Houston hadde tid til å synge songen innan filmen var ferdig. Då Dion først høyrte songen ønskte ho ikkje å spele han inn.[6] Horner spelte songen på piano for Simon Franglen, som arbeidde med elektroniske lydbilete og syntheisizer for bakgrunnsmusikken i filmen. Franglen hadde arbeidd med Celine Dion i fleire år på mange dei største hittane hennar.[7] Han programmerte og arrangerte ein lengre demo for Dion. Manageren og ektemannen hennar, René Angélil, overtydde henne om å synge på denne demoen, noko ikkje hadde gjort på fleire år. Horner venta til Cameron var i det rette humøret før han presenterte songen for han. Etter å ha spelt songen fleire gonger, godtok Cameron songen, men var redd for å bli kritisert for å «vere for kommersiell mot slutten av filmen». Cameron ønskte òg å gjere studiosjefane til lags og «såg at ein hitsong frå filmen kunne vere ein positiv faktor i å gjere filmen populær».[8]

Den originale versjonen produsert av Horner/Franglen av balladen finst på Titanic-soundtracket og har ein lengre avslutning med vokalparti av Dion. Franglen miksa den endelege songen for filmen og utvida demoen, og la til orkester på det siste refrenget. Songen vart spelt under rulleteksten til filmen.[9] Då singelen vart gjeven til radioane vart han produsert vidare av Walter Afanasieff som la til strykarar og elektrisk gitar, i tillegg til at han omarrangerte delar av songen. Denne versjonen finst på ein firespors maxi-singel og på Dion-albumet Let's Talk About Love.[10] I plateomslaget til Let's Talk about Love står det ei ekstra tekstlinje mellom det andre refrenget og det siste verset. Orda «There is some love that will not go away» vert ikkje sungen av Dion på nokon av dei utgjevne versjonane av songen, men dei er likevel òg oppført på den offisielle heimesida til Dion.

Musikkvideoen vart regissert av Bille Woodruff og kom ut i slutten av 1997. Han vart sidan gjeven ut på DVDen All the Way... A Decade of Song & Video. I tillegg til Let's Talk About Love og Titanic finst «My Heart Will Go On» på fleire andre album, som Au cœur du stade, All the Way... A Decade of Song, A New Day... Live in Las Vegas, Complete Best, My Love: Essential Collection og Taking Chances World Tour: The Concert. Han finst òg på DVDane: Au cœur du stade, All the Way... A Decade of Song & Video og Live in Las Vegas: A New Day....

Då songen var på det mest populære spelte somme radiostasjonar ein redigert versjon av songen som hadde dramatiske dialogar mellom Jack og Rose, hovudrollene i filmen, innimellom vokallinjene til Dion. Denne vart sidan gjeven ut på Back to Titanic, det andre filmmusikkalbumet frå filmen. I Frankrike vart «My Heart Will Go On» gjeven ut som ei dobbel A-side i lag med «The Reason."

Somme overlevande etter Costa Concordia-ulukka, som hadde somme likskapar til Titanic-ulukka, har hevda at songen tilfeldigvis vart spelt i ein restaurant då det italienske cruiseskipet Costa Concordia først trefte skjeret som etter kvart fekk skipet til å delvis søkke natt til 13. januar 2012.[11][12][13]

Lister[endre | endre wikiteksten]

«My Heart Will Go On» er den største hitten til Céline Dion og ein av dei mestseljande singlane i historia, med meir enn 15 millionar eksemplar verda over.[14] I USA vart songen berre gjeve ut i eit avgrensa opplag på 690 000. Likevel debuterte han på førsteplassen på Billboard Hot 100 med 360 000 eksemplar,[15] der han låg i to veker. I tillegg låg songen ti veker på toppen av [[Hot 100 Airplay (Radio Songs)|Billboard Hot 100 Airplay] og to veker på toppen av Hot 100 Singles Sales. Songen var særleg populær på radio og sette ny rekord for det då største radiopublikummet nokon gong med 117 millionar lyttar i februar 1998.[16] Singelen selde omsider til gull i USA.[17] Ask Billboard rapporterte at den digitale kopien av singelen hadde seld 1 133 000 einingar og sidan ført det totalt salet til 1 791 000 kopiar i USA.[18]

I tillegg gjekk «My Heart Will Go On» til topps på fleire ander lister i USA, mellom anna Billboard sine Hot Adult Contemporary Tracks,[15] Top 40 Mainstream,[15] Hot Latin Pop Airplay og Hot Latin Tracks. For sistnemnde vart singelen den første engelskspråklege songen på toppen av Hot Latin Tracks-lista,[15] noko som gav Dion ein a Billboard Latin Music Award.

Internasjonalt vart songen ekstremt suksessrik, og låg mange veker på toppen av salslistene over heile verda, mellom anna 17 veker på topp av Eurochart Hot 100 Singles, 15 veker på topp i Sveits, 13 veker på topp i Frankrike og Tyskland, 11 veker på topp i Nederland og Sverige, ti veker på topp i Belgia (Vallonia), Danmark, Italia og Noreg, sju veker på topp i Belgia (Flandern), seks veker i Irland, fire veker på topp i Australia og Austerrike, to veker i Spania og Storbritannia, og ei veke i Finland.

I Tyskland selde «My Heart Will Go On» 4x loatina for to selde eksemplar,[19] og vart rangert som ein dei mest populære singlane nokon gong gjeven ut der.[20] Han selde over 1,2 millionar eksemplar i Frankrike, der han fekk diamant-plate. I tillegg selde songen 3× platina i Belgia, 2× platina i Australia, Nederland, Noreg, Sverige og Sveits, platina i Hellas og gull i Austerrike. «My Heart Will Go On» vart gjeven ut to gonger i Japan. Den første utgåve frå januar 1998 selde 210 000 og gav plata 2× platina, for 200 000 selde kopiar. Ei remiksa utgåva kom ut i juni 1998 og selde 115 000 eksemplar, som gav gullplate for 100 000 selde eksemplar.

I Storbritannia selde songen 1,48 million eksemplar,[21] og vart den andre singelen til Dion som selde over 1 million der. Dette gjorde ho til den einaste kvinnelege soloartisten som har seld til to million-seljande singlar i Storbritannia, ein rekord som stod fram til tidleg 2012 då Rihanna-singlane «Only Girl (In the World)» (2010) og «We Found Love» (2011) begge selde over ein million.[22]

Lovord[endre | endre wikiteksten]

«My Heart Will Go On» vann Oscarprisen for beste originale song i 1997.[23] Han dominerte Grammyprisen i 1997 og vann prosen for årets plate - for første gong av ein kanadiar - årets song, årets beste kvinnelege popsong og beste song for film eller fjernsyn.[24] «My Heart Will Go On» vann Golden Globe Award for beste originale song for film i 1998.[25]

Songen vann òg den japanske gullplateprisen for årets song.,[26] i tillegg til Billboard Music Award for årets filmmusikksingel.[27][28]

I ein sjåarundersøking i 2006 for eit program på Five kalla Britain's Favourite Break-up Songs vart «My Heart Will Go On» kåra til den tiande. Han har vorte kåra til ein av Songs of the Century.[29] Han er ein av dei mestseljande singlane i Storbritannia nokon gong,[30] med over ein million eksemplar. Dette var den andre singelen til Dion som selde over ein million i Storrbitannia og ho var då den einaste kvinnelege artisten som hadde klart dette.[31] Han vart rangert på 14. plass på AFI's 100 Years...100 Songs som var ei liste over dei 100 beste songane i amerikansk filmhistorie.[32] I april 2010 stemnde lyttarane av den britiske radiostasjonen Magic 105.4 singelen til den beste filmsongen gjennom tidene.[33] I desember 2007 vart songen sett på 21. plass på lista til VH1 over dei 100 beste songane i 1990-åra.[34] Trass i den store populariteten til songen vart han av lesarane til Rolling Stone kåra til den sjuande verste songen frå 1990-åra i 2011.

Fordi songen vart så enormt populær då han kom ut, vert han rekna som signaturlåten til Céline Dion.[35] I dag vert songen, i lag med to andre filmsongar, Whitney Houston sin «I Will Always Love You» frå The Bodyguard og Bryan Adams sin «(Everything I Do) I Do It for You» frå Robin Hood: Prince of Thieves, rekna som den største kjærleiksballaden frå 1990-åra.

Innverknad[endre | endre wikiteksten]

Etter at songen vart ein verdsomspennande hit, prøvde mange filmstudio og plateselskap og kopiere suksessen. Sjølv om mange filmsongar hadde vorte store hittar før «My Heart Will Go On», følgde ei rekkje liknande songar i tida etter, som Aerosmith sin «I Don't Want to Miss a Thing» frå Armageddon og Faith Hill sin «There You'll Be» frå Pearl Harbor. Begge desse var kjærleiksballadar for ein tragedie. Sjølv om desse òg vart hittar, var dei langt frå like store som «My Heart Will Go On».

Lister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1997) Plassering
Australia[36] 1
Tyskland[37] 1
Liste (1998) Plassering
Austerrike[38] 1
Belgia (Flandern)[39] 1
Belgia (Vallonia)[40] 1
Canadian BDS Airplay Chart[41] 1
Canadian BDS Adult Contemporary Chart[42] 1
Canadian RPM Top Singles[43] 1
Canadian RPM Adult Contemporary[44] 1
Danmark[45] 1
Nederland[46] 1
Europa[47] 1
Finland[48] 1
Frankrike[49] 1
Hellas[50] 1
Irland[51] 1
Italia[52] 1
Japan[53] 34
New Zealand[54] 34
Noreg[55] 1
Spania[56] 1
Sverige[57] 1
Sveits[58] 1
UK Singles Chart[59] 1
US Billboard Hot 100[60] 1
US Billboard Hot Adult Contemporary Tracks[61] 1
US Billboard Hot Adult Top 40 Tracks[62] 3
US Billboard Hot Latin Tracks[63] 1
US Billboard Latin Tropical Airplay[64] 2
US Billboard Rhythmic Top 40[65] 3
US Billboard Top 40 Mainstream[66] 1

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1998) Plassering
Australia ARIA Singles Chart[67] 14
Austerrike[68] 1
Belgia (Flandern)[69] 1
Belgia (Wallonia)[70] 1
Nederlandsk Top 40[71] 1
Frankrike (SNEP)[72] 3
Sverige[73] 1
Sveits[74] 1
US Billboard Hot 100[75] 13

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «41st Annual GRAMMY Awards - Record Of The Year». GRAMMY.com. http://www.grammy.com/videos/41st-annual-grammy-awards-record-of-the-year. Henta 21. september 2013. 
  2. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 137. ISBN 1-904994-10-5. 
  3. Glatzer, Jenna (2005). Céline Dion: For Keeps. Andrews McMeel Publishing. ISBN 0-7407-5559-5. 
  4. Songs from the Year 1998 TSORT. Henta 21. september 2013.
  5. All Time Songs TSORT. Henta 21. september 2013.
  6. Celine Dion: For Keeps Google Books Henta 21. september 2013
  7. Simon Franglen. «Simon Franglen - Credits». AllMusic. http://www.allmusic.com/artist/simon-franglen-p77428/credits. Henta 21. september 2013. 
  8. James Cameron's Titanic Media Awareness Network Henta 21. september 2013
  9. Leona Lewis Will Sing 'Avatar' Theme Song… Ropes of Silicon Henta 21. september 2013
  10. «Sony/ATV Music Publishing : Walter Afanasieff». Sonyatv.com. 2001-09-11. http://www.sonyatv.com/index.php/articles/artist_writer/59. Henta 21. september 2013. 
  11. Peter Allen. «'Titanic theme tune played in onboard restaurant as doomed cruise ship started to keel over', claim Sveits brothers (Mail Online, 18 January 2012)». http://www.dailymail.co.uk/news/article-2088361/Costa-Concordia-Titanic-theme-tune-played-onboard-cruise-ship-started-sink.html. Henta 21. september 2013. 
  12. «Costa Concordia: Titanic theme tune played as cruise ship hit rocks». Telegraph.co.uk. http://www.telegraph.co.uk/news/worldnews/europe/italy/9022349/Costa-Concordia-Titanic-theme-tune-played-as-cruise-ship-hit-rocks.html. Henta 21. september 2013. 
  13. «Titanic theme song played as cruise ship Costa Concordia sokk, survivors claim». News.com.au. 2012-01-19. http://www.news.com.au/travel/news/im-a-hero-not-a-coward-says-costa-concordia-captain-francesco-schettino/story-e6frfq80-1226247888401. Henta 21. september 2013. 
  14. The Richest 20 Women In Entertainment Forbes Magazine Henta 21. september 2013
  15. 15,0 15,1 15,2 15,3 Tales of 'Heart's' Voyage to the Top, Fate of Dion Smash Wasn't Always Certain Billboard Magazine Henta 21. september 2013
  16. Passion Celine Dion the Book: The Ultimate Guide for the Fan Google Books Henta 21. september 2013
  17. Gold and Platinum RIAA Henta 21. september 2013
  18. http://www.billboard.com/articles/chartbeat/497047/ask-billboard-does-lionel-richie-make-billboard-chart-history
  19. UNSUPPORTED OR EMPTY REGION: Tyskland.
  20. Musicline.de Die beliebtesten Hits! Gemessen von KW 27/1959 bis KW 2/2010. Chartposition und -wochen werden miteinander verrechnet Musicline.de'.' Henta 21. september 2013.
  21. Ami Sedghi (16. september 2013), UK's million-selling singles: the full list, Guardian, http://www.guardian.co.uk/news/datablog/2012/nov/04/uk-million-selling-singles-full-list, henta 16. september 2013 
  22. Celine Dion-The Official Charts Company
  23. Academy Awards Database Oscars.org'.' Henta 21. september 2013.
  24. Grammy Award Winners Grammy.com'.' Henta 21. september 2013.
  25. James Horner HFPA'.' Henta 21. september 2013.
  26. Music Event Gold Disc Hall of Fame The Japan Gold Disk Award. Henta 21. september 2013.
  27. «1998 Billboard Music Awards». infoplease.com online almanac. Pearson Education, publishing as Infoplease. 2007. http://www.infoplease.com/ipa/A0771101.html. Henta 21. september 2013. 
  28. Brevet, Brad (2009-11-16). «Leona Lewis Will Sing 'Avatar' Theme Song...». RopeofSilicon.com. http://www.ropeofsilicon.com/article/leona-lewis-will-sing-avatar-theme-song. Henta 21. september 2013. 
  29. Songs of the Century CNN. Henta 21. september 2013.
  30. MILLION SELLERS Official Charts Company'.' Henta 21. september 2013.
  31. [1] Official Charts Company- Featured Artists- Celine Dion'.' Henta 21. september 2013
  32. «AFI's 100 YEARS...100 SONGS». AFI.com. American Film Institute. http://www.afi.com/100Years/songs.aspx. Henta 21. september 2013. 
  33. Titanic theme tune is top film song The press Association Henta 2010-04-28
  34. 100 Greatest Songs of the '90s
  35. Caramanica, Jon (2008-09-17), Emotions With Exclamation Points, The New York Times, http://www.nytimes.com/2008/09/17/arts/music/17celi.html?ref=arts, henta 21. september 2013 
  36. Australia
  37. Tyskland
  38. Austerrike
  39. Belgia (Flandern)
  40. Belgia (Vallonia)
  41. Canadian BDS Airplay Chart
  42. Canadian BDS Adult Contemporary Chart
  43. Top Singles - Volume 66, No. 23, March 02 1998. Henta May 16, 2010.
  44. Adult Contemporary - Volume 66, No. 18, January 26 1998. Henta May 16, 2010.
  45. Danmark
  46. Nederland
  47. Europa
  48. Finland
  49. Frankrike
  50. Hellas
  51. Irish Singles Chart|Irland
  52. Italia
  53. «Celine Dion singles sales ranking» (på Japanese). Oricon. http://www.oricon.co.jp/prof/artist/98172/ranking/cd_single/. Henta 21. september 2013. 
  54. Zealand
  55. Noreg
  56. Spania
  57. Sverige
  58. Sveits
  59. UK Singles Chart
  60. Billboard Hot 100
  61. Hot Adult Contemporary Tracks
  62. Hot Adult Top 40 Tracks
  63. Hot Latin Tracks
  64. Latin Tropical Airplay
  65. Rhythmic Top 40
  66. Top 40 Mainstream
  67. «ARIA Charts - End of Year Charts - Top 100 Singles 1998». Aria.com.au. http://www.aria.com.au/pages/aria-charts-end-of-year-charts-top-100-singles-1998.htm. Henta 21. september 2013. 
  68. «Jahreshitparade 1998» (på German). austriancharts.at. Hung Medien. http://austriancharts.at/1998_single.asp. Henta 2011-12-30. 
  69. «Ultratop Belgian Charts». ultratop.be. http://www.ultratop.be/nl/annual.asp?year=1998. Henta 21. september 2013. 
  70. «Ultratop Belgian Charts». ultratop.be. http://www.ultratop.be/fr/annual.asp?year=1998. Henta 21. september 2013. 
  71. «Single Top 100 Van 1998». http://www.top40.nl/pdf/Top%20100/top%20100%20-%201998.pdf. Henta 21. september 2013. 
  72. «Classement Singles - année 1998» (på French). http://www.disqueenfrance.com/fr/page-259376.xml?year=1998. Henta 21. september 2013. 
  73. «Årslista Singlar – År 1998» (på Swedish). http://www.hitlistan.se/netdata/ghl002.mbr/lista?liid=43&dfom=19980001&newi=0&height=420&platform=Win32&browser=MSIE&navi=no&subframe=Mainframe. Henta 2011-12-28. 
  74. «Sveits Year-End Charts 1998». swisscharts.com. Hung Medien. http://swisscharts.com/year.asp?key=1998. Henta 21. september 2013. 
  75. «Billboard Top 100 - 1998». http://longboredsurfer.com/charts.php?year=1998. Henta 2010-08-28. 
  76. Saxgodingar 4
  77. Neil Diamond-My Heart Will Go On. Who Sampled. Henta 21. september 2013.
  78. Amazon sales page showing album cover.
  79. Karaoke - Sing the Hits of Sarah Brightman, Vol. 3. iTunes Apple. Henta 21. september 2013.
  80. http://www.deborah-harry.com/dh/myheart.php
  81. From the Screen to Your Stereo. Amazon.com. Henta 21. september 2013.
  82. My Heart Will Go On-Kenny G. Yahoo Music. Henta 21. september 2013.
  83. Discogs, Dancemania Speed 2
  84. Discogs, Dancemania Speed Best 2001 Hyper Nonstop Megamix
  85. Discogs, Speed SFX