Céline Dion
Céline Dion | |
![]() | |
Fødd | 30. mars 1968 (52 år) Charlemagne |
Yrke | songar, skodespelar, stemmeskodespelar, musikar, pianist, restauratør, komponist, filmskodespelar, plateartist |
Céline Dion på Commons |
Céline Marie Claudette Dion (fødd 30. mars 1968) er ei kanadisk songarinne frå Charlemagne i den fransktalande provinsen Québec i Canada. Ho er spesielt kjend for songen «My Heart Will Go On» frå filmen Titanic frå 1997.
Celine Dion byrja karrieren sin som lokal artist i Québec, men vart etterkvart godt kjend i heile den fransktalande verda. Det første albumet hennar, La Voix du Bon Dieu, kom ut i 1981. Ho har også tatt spranget over i den engelskspråklege platemarknaden. Dette skjedde ved lanseringa av det første engelskspråklege albumet hennar, Unison i 1990. Ho har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.
I Noreg vart Dion første gong lagt merke til av eit større publikum i 1988 da ho stilte opp for Sveits i Eurovision Song Contest i Dublin og vann med songen «Ne partez pas sans moi».
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Céline Dion» frå Wikipedia på bokmål, den 13. januar 2008.