Myreguten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Myreguten
Fødd1817
Død1904 (87 år)
Verka sommusikar

Ola Jensen Myro (18171904), kjend som Myreguten, var ein sentral norsk spelemann i Hallingdal1800-talet. Han påverka både Sevat Sataøen og Ola Dekko.

Ola Myro kom opphavleg frå Nes i Hallingdal,[1] der han var i lag med mellom andre Gudbrand Skjellerud og Kittil Langåker, son av Harald Langåker. Han spela og med Gudbrand Østen. Kring 1850 flytte han til Ål, der han henta spel hjå Knut Asleson Strand. Han kom soleis til å vera ein viktig mellomlekk i formidlinga av strandaspelet.

Etter 1860 tok vekkingsrørsla (påverka av Vis-Kari frå Flå), tak i Hallingdalsbygdene, og mange spelemenn la bort felene sine. Myreguten var av dei som opponerte mot rørsla og spela likevel. Ein gong spurde han presten i Ål om det var synd å spela fele. «Hald det for deg sjølv», svara presten. Då skreiv Ola eit vers på feleskrinet:

Se her er min felehytte
og mange tror den er til liden nytte,
men lad dem sige hvad dem vil
jeg vandrer ærlig med mit spil.

Slik kom Myreguten til å halde tradisjonen ved like livet ut. Sevat Sataøen møtte Myreguten medan han var framvokstring.

Slåttar i tradisjon etter Myreguten[endre | endre wikiteksten]

Springaren «Skinntrøya» er for det meste spela etter Myreguten i Hallingdal, sameleis Skuslen, som vart ført vidare av Ola Dekko.

Det finst og ein særskild springar etter Myreguten på nedstilt bass. Denne slåtten finst ikkje utanfor Ål, nr 330 i Hardingfeleverket, skriven ned etter Sevat Sataøen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. ««Gamle spelemenn i Hallingdal» av Ola Perstølen med tilføyelser fra andre kilder», Hallingminne, 18. mai 2018, arkivert frå originalen 5. desember 2021, henta 5. desember 2021