Nørdre Syndin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nørdre Syndin
innsjø
Nordre syndin.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Oppland
Kommunar Vestre Slidre, Vang
Høgd over havet 936 moh
Areal 4,59 km²
Kystlengd1 15,46 km
Koordinatar 61°5′48″N 8°41′48″EKoordinatar: 61°5′48″N 8°41′48″E

Nørdre Syndin
61°5′48″ N 8°41′48″ E
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Nørdre Syndin er ein innsjø som ligg i kommunane Vestre Slidre og Vang i Oppland. Nørdre Syndin er den nordlegaste av dei tre innsjøane Nørdre Syndin, Midtre Syndin og Søre Syndin.

Nørdre Syndin hadde tidlegare utløp til Mitre Syndin og vidare til Søre Syndin. I bekken mellom Mitre og Søre Syndin er det jettegryter som vitnar om stor vassføring. I 1690 grov bonden Hallvard Eriksson på garden Tørpe ein kanal slik at utløpet gjekk via elva Ala som renn til Begna. I 1717 var det ein stor flaum som utvida og senka kanalen og vassføringa i vassdraga sørover minka kraftig. Bonden vart dømt i retten til å tilbakeføre vatnet, og ei demning vart laga i 1719. I 1720 vart denne demninga øydelagd av ein ny stor flaum og denne førte til stor skade på gardar langs Ala. I følgje Stortinget sin Verneplan I for vassdrag frå 1973 vart Nørdre- og Midtre Syndin verna, men vedtaket opnar for ei mogeleg tilbakeføring av vatna til Sundheimselva.

Syndinvanta ligg i eit ope seterlandskap, der seterverksemda gjennom lang tid har medført at bjørkeliene er erstatta av lyngheier med einer og dvergbjørk. Berggrunnen består av lett forvitra bergartar. Av den årsak er jordsmonnet rundt svært rikt med tilhøyrande planteliv. I 1930 vart eit 35 km² stort område mellom Syndinvatna og Helin freda som botanisk plantenasjonalpark. I skiferura under fjellet Gila og langs Helin veks fleire sjeldne planter, mellom anna urvalmue (Papaver relictum).

Spire Denne geografiartikkelen som har med Oppland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.