NEP

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

NEP (Ny økonomisk politikk) er ei nemning på den økonomiske politikken som blei ført i Sovjetunionen frå 1921 til slutten av 1920-talet. Politikken blei innleidd under Vladimir Lenin si tid som leiar og var ein slags blandingsøkonomi. Etter Josef Stalin tok makta, blei ein rein kommandoøkonomi innført.

Under NEP fekk bøndene selje ein viss del av avlingane sine på ein fri marknad, og resten blei distribuert av staten. Private handelsmenn kalla "NEP-menn" dreiv handel med diverse varer. Samtidig var dei store bankane og tungindustrien, det Lenin kalla "kommandohøgdene" i økonomien, statlege. Det same gjaldt import, der det var statleg monopol.

Det kom òg til å bli utvikla eit visst elitesjikt av leiande funksjonærar under NEP. Dette sjiktet blei det leiande i samfunnet så lenge Sovjetunionen fanst.

NEP legaliserte produksjon for forteneste og privateigdom i forbruksvareproduksjonen, og batt samtidig bøndene til systemet med den "naturalskatten" dei skulle betale. Med dette var problemet "sosialistisk marknadsøkonomi" eller blandingsøkonomi berørt, eit problem som oppstod i og med at kommunistane sigra i eitt enkelt land, som attpåtil var tilbakeliggjande, i staden for at det blei ein verdsrevousjon med dei utvikla industrilanda i brodden.

Kulturen[endre | endre wikiteksten]

I NEP-perioden var det ein ein massiv alfabetiseringkampanje i landet, for å lære alle, både kvinner og menn, vaksne og barn, å lese og å skrive.

Frå starten blei elles radikale forfattarar og kunstnarar aksepterte sjølv om dei ikkje var på partilinja i alle spørsmål. Forfattarar som Vladimir Majakovskij, Sergej Jesenin og Maxim Gorkij blei såleis aksepterte og løna av staten. Målaren Marc Chagall prøvde å samarbeide med regimet til å begynne med, men kom på kant med det etter kvart, og emigrerte. Alt i 1922 blei ei rekkje leiande russiske intellektuelle utviste, mellom dei filosofen Nikolaj Berdjajev. Likevel var kulturlivet generelt relativt fritt samanlikna med stoda etter at NEP var avløyst av stalinismen.

Bukharin og NEP[endre | endre wikiteksten]

Nikolaj Bukharin hadde opphavleg berre motvillig godtatt NEP. Men i 1925 endra han syn. Han skildra i boka Vegen til sosialismen NEP som ein nødvendig omveg mot målet. Han sa på den 16. partikongressen blant anna: «Eg gjentar at den nødvendige krigspolitikken måtte føre til fall i produksjonen men at no når det politiske målet er nådd, makta vår er befesta (---) og hegemoniet til arbeidarklassen er eit sikkert faktum, da er det di meir nødvendig å sette produktiviteten fremst for å byggje opp dette herredømmet.»

Bøndene skulle kunne bestemme over produksjon og pris på jordbruksvarer sjølve, meinte Bukharin. Omfordelinga som var nødvendig for å byggje opp industrien kunne ein få til via skattane.

Ein sein renessanse hadde samfunnsmodellen til Bukharin under perestrojkaen til Mikhail Gorbatsjov. Da blei dette synet sett på som eit historisk alternativ.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Dessutan tilføyingar frå bl.a. tyskspråkleg wikipedia, art. Neue Ökonomische Politik.