NGC 6240

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
NGC 6240
Hubble Interacting Galaxy NGC 6240 (2008-04-24).jpg
Hubble-bilete av NGC 6240.
Observasjonsdata (epoke J2000)
Rektasensjon16h 52m 58s
Deklinasjon02º 24' 03
Raudforskuving7339±9 km/s
Andre namn
IC 4625, UGC 10592, PGC 59186, VV 617
Sjå òg: Galakse, lista over galaksar
Chandra-røntgenbilete av NGC 6240 lagt oppå eit optisk bilete av galaksen. Dei to lyspunkta er røntgenstråling sendt ut av plasma i akkresjonskivene til dei to svarte hòla.[1]

NGC 6240 er ein galakse og restane etter to tidlegare galaksar som har slegne seg saman til éin. Galaksen ligg rundt 400 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Slangeberaren. Observasjonar gjorde med NASA sitt Chandra-teleskop har avslørt to gigantiske svarte hòl i galaksen. Dei ligg rundt 3000 lysår frå kvarandre, driv mot kvarandre og vil etter kvart smelta saman til eitt. Samansmeltingsprossen starta for runt 30 millionar år sia og fekk sett i gang hyppig stjernedanning og førte til ei rekkja supernovaeksplosjonar. Ein reknar med at dei svarte hòla vil ha smelta saman om ti til hundrevis av millionar av år.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Never «Before Seen: Two Supermassive Black Holes in Same Galaxy» - Chandra-pressemelding i samband med oppdaginga av to svarte hòl i NGC 6240.