Nadesjda Aleksijeva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nadesjda Aleksijeva
Nadezhda Aleksieva.png
Fødd 14. august 1969
Dimitrovgrad
Yrke skiskyttar
Nadesjda Aleksijeva på Commons

Nadesjda Aleksijeva (fødd 14. august 1969) er ein bulgarsk tidlegare skiskyttar frå Sofia. Ho vart nummer tre i verdscupen i skiskyting 1988 og vann tre VM-medaljar i stafett- og lagtevlingar åra 1989-91.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Aleksijeva deltok i verdscupen frå 1986. Ho hadde sitt beste år i 1988, då ho vart nummer tre i verdscupen etter norske Anne Elvebakk og Elin Kristiansen. Ved VM i skiskyting 1989 i austerrikske Feistritz vann ho sølv på stafetten i lag med med Tsvetana Krasteva og Marija Manolova, Sovjetunionen tok gull. Både i 1990 og 1991 deltok ho for dei bulgarske laga som tok medaljar i lagtevlinga, i Oslo vart det bronse, året etter vart det i Lahti sølv på dei bulgarske kvinnene.

Under dei olympiske leikane 1992 i Albertville, der kvinnelege skiskyttarar fekk delta for fyrste gong, blanda Aleksijeva seg i medaljekampen i alle dei tre tevlingane. På sprinten vart ho nummer fire, fem sekundar etter bronsevinnaren, medan ho enda på femteplass på 15 km. Og stafettlaget vart nummer fire.

Aleksijeva klarte sidan ikkje å hevde seg i verdstoppen. Under VM i skiskyting 1993 på bulgarsk heimegrunn i Borovets fekk ho einast gå for stafettlaget som enda på åttandeplass, og under Vinter-OL 1994 på Lillehammer hamna både ho individuelt og stafettlaget langt nede på resultatlistene. Trass i ein niandeplass på 7,5 km under VM 1995 i Antholz, valde ho å leggje opp ved sesongslutt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar