Elin Kristiansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Elin Kristiansen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. juli 1968
Elverum
Idrett skiskyting
Yrke skiskyttar

Elin Synnøve Kristiansen (fødd 9. juli 1968) er ein norsk tidlegare skiskyttar frå Åsnes som vann VM-gull i lagtelinga i 1995, individuelt sølv i 1988 og bronse i 1900 og tre stafettsølv og eitt lagsølv i tida 1988-91. Ho var medlem av Vestre Trysil Idrettsforening.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kristiansen var med i skiskytings-VM i 1987 utan å utmerke seg, men slo til med ein andreplass på 10 km bakom Anne Elvebakk då kvinnene sitt verdmeisterskap i skiskyting for 1988 vart avvikla i franske Chamonix. I same meisteskapen vart det sølvmedalje også på stafetten, i lag med Mona Bollerud og Elvebakk. Kristiansen vann nye stafettsølv ved VM 1990 i Holmenkollen og VM 1991 i Lahti, heile vegen bakon vinnarlag frå Sovjetunionen. Under VM i Holmenkollen sikra ho seg òg ein bronsemedalje på 7,5 km.

Under vinterleikane 1992 i Albertville vart Kristiansen nummer ni på 15 km, to år seinare enda ho på tiandeplassen på 7,5 km då Vinter-OL 1994 fann stad på Lillehammer. Saman med Annette Sikveland, Gunn Margit Andreassen og Ann Elen Skjelbreid vart ho verdsmeister i lagtevlinga i Antholz i 1995.

Kristiansen vart nummer to i verdscupen i skiskyting 1988. Ho sigra i seks verdscuprenn i seks ulike land i tida frå januar 1988 til desember 1993, likt fordelt på sprint og normalprogram.

Ho vart norsk meister i normalprogrammet i 1988 og 1990.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar