Giacomo Puccini

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Puccini i 1908.

Giacomo Puccini (22. desember 185829. november 1924) var ein italiensk komponist kjend for operaverk som La bohème, Tosca og Madama Butterfly og ariar som «Che gelida manina» frå La bohème, «O mio babbino caro» frå Gianni Schicchi og «Nessun Dorma» frå Turandot. Puccini kan seiast å ha fullendt den italienske operatradisjonen—han var den siste italienske komponisten som skreiv opera for verdsrepertoaret, og verka hans er blant dei mest framførte også i dag.

Domkyrkja San Martino i Lucca.

Liv og karriere[endre | endre wikiteksten]

Giacomo Antonio Domenico Michele Secondo Maria Puccini var fødd i Lucca i det dåverande storhertugdømmet Toscana. Familien hans hadde stått for musikken i byen si domkyrkje i to hundreår, og Puccini fekk undervising i musikk frå ein ung alder. Faren døydde då han var fem, men byen gav familien ein liten pensjon og heldt stillinga som domkyrkjeorganist open for han. Puccini lærte song, orgel og teori som harmonilære og kontrapunkt. I 1880 gjekk han ut av Istituto Pacini i Lucca, med Messa di Gloria som avsluttingsverk.

Puccini var likevel blitt overtydd om at det var opera han ville laga, ifølge tradisjonen etter at han såg Aida av Verdi i 1876. I 1880 byrja han ved konservatoriet i Milano, med økonomisk støtte frå eit søskenbarn og dronning Margherita. Dei viktigaste lærarane hans var Antonio Bazzini og Amilcare Ponchielli, medan hans. Han gjekk ut i 1883 med avgangsstykket Capriccio sinfonico, som vekte merksemd i musikkrinsar i Milano. Same året sende han ein einaktsoperaen til ein konkurranse — han vann ikkje, men venner støtta han økonomisk slik at operaen kunne framførast. Le villi blei urframført ved Teatro Dal Verme i mai 1884 og hadde stor suksess. Musikkprodusenten Giulio Ricordi kjøpte opphavsretten med løfte om at operaen skulle utvidast til to akter, og bestilte eit nytt verk til å spelast ved det leiande operahuset La Scala.

Ricordi blei ein livslang venn og støttespelar for Puccini. Sjølv om den andre operaen hans, Edgar, gjorde det dårleg på La Scala, fortsette Ricordi støtta, og sende Puccini til Bayreuth for å høyra Die Meistersinger av Wagner. Her byrja komponisten førebuingane til det neste verket sitt, Manon Lescaut, som i mange trekk likna dei fire meisterverka som følgde: La bohème, Tosca, Madama Butterfly og La fanciulla del west, sistnemnde urframført i New York i 1910. Medan Madama Butterfly fekk ei dårleg mottaking ved premieren, truleg fordi han likna for mykje på Puccini sine tidlegare verk, blei alle desse operaene verdskjende, og er framleis populære.

Seinare verk av Puccini har fått mindre merksemd. Komponisten hadde vanskar med å forstå hendingar og nye musikkretningar i det nye hundreåret. La rondine, urframført i Monte Carlo i 1917, blei raskt gløymd. Komponisten var likevel interessert i dei nye komponistane, og studie av Debussy, Strauss, Schönberg og Stravinskij førte til det lovpriste verket Il trittico (New York, 1918), tre einaktsoperaer sett saman til eitt heile.

Gabriele Maria Ronge i Turandot.

Den siste, ufullendte operaen hans, Turandot, er den einaste impresjonistiske italienske operaen. Medan den siste duetten mellom paret i operaen mangla, måtte Puccini dra til Brussel for å prøva behandla halskreft. Sjølv om behandlinga først såg ut til å verka, døydde han likevel her i byen, med partituret til Turandot i hendene.


Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Puccini var også kjend for eit skandaleombrust privatliv. I Lucca hadde han eit tilhøve til ei gift kvinne, Elvira Gemignani. Etter at mor til komponisten døydde flykta dei to frå byen med Elvira si dotter, Fosca. Dei slo seg først ned i Monza nær Milano, der dei fekk sonen Antonio. Paret flytta til Milano i 1890 før dei slo seg ned i fiskarlandsbyen Torre del Lago i 1891, der dei budde fram til 1921. Dei gifta seg i 1904, etter at mannen til Elvira var død — skilsmisse var utelukka i katolske Italia.

Paret var ikkje berre lukkeleg saman. Elvira var temperamentsfull og sjalu, noko ho kunne ha grunn til å vera. Puccini blei ofte forelska i andre medan han skreiv ein opera, noko Elvira var kjend med med. I 1908 gjekk Elvira til fleire hatske utfall mot Doria Manfredi, som hadde vore tenestejente hjå dei i tre år, og som Elvira no meinte hadde eit tilhøve til mannen. Doria drakk gift og døydde etter hendinga. Ei medisinsk undersøking slo fast at ho var jomfru, og dei gjekk deretter til sak mot Elvira Puccini. Manfredi-familien gjekk med på å droppa saka etter at Puccini hadde betalt erstatning til dei, men skandalen hadde fått mykje merksemd.

I 2007 kom det fram at Puccini truleg hadde hatt eit tilhøve til Giulia Manfredi, søskenbarnet til Doria, som derimot hadde teke brev mellom dei. Dei to fekk ein son saman, Afredo. Tilhøvet mellom dei to skal ha blei fram til Puccini døydde.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Side frå Puccini sitt partitur for Turandot.

Puccini skapte heilskaplege operaer der tekst, uttrykk, kostymer og iscenesetting saman med musikken skapte dramatisk effekt. Som tidlegare italienske operkomponistar var han særskild oppteken av melodi som musikalsk verkemiddel, noko ein mellom anna kan sjå i dei mange syngbare delane av verka hans. Puccini brukte også harmonikk til å skapa variasjon og til å bygga opp handlinga i eit stykke. Orkesteret spelte ein viktig rolle, ved både kraft- og klangfull bruk som hjå Strauss og Wagner, og på ein raffinert måte som hjå Debussy.

Komponisten arbeidde også nøye med teksten og den dramatiske oppbygginga, som samspelte med musikken. Arbeidet tok lang tid og medførte ofte diskusjonar med librettistane. Puccini kunna også avbryta arbeidet på eit verk, eller forseinkast av reiser til framføringar eller familieproblem.

Operaene hans skildrar typisk tragiske kjærleikssoger med sterke kvinneskikkelsar. Til forskjell frå mange andre italienske operaer har dei ofte handling frå utlandet—Japan, USA og Frankrike. Dei bygde ofte på litteratur, som Manon Lescaut, basert på ein roman med same namn av Abbé Prévost, La Fanciulla del West, etter skodespelet The Girl of the Golden West av David Belasco, og Madama Butterfly, som er ei blanding av novella «Madame Butterfly» (1898) av John Luther Long (dramatisert av Balasco) og romanen Madame Chrysanthème (1887) av Pierre Loti.


Puccini er rekna som den største komponisten i tradisjonen Giovane scuola, som etterfølge Verdi. Han var påverka av den italienske veristiske operarørsla og frå det franske lyriske dramaet, og brukte desse og andre inntrykk til å laga ein personleg stil som påverka fleire yngre operakomponistar.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Plakat for urframføringa av Tosca.

Operaer[endre | endre wikiteksten]

  • Le Villi, 1884.
  • Edgar, 1889.
  • Manon Lescaut, 1893.
  • La bohème, 1896.
  • Tosca, 1900.
  • Madama Butterfly, 1904.
  • La fanciulla del West, 1910.
  • La rondine, 1917.
  • Il Trittico: Il Tabarro, Suor Angelica, Gianni Schicchi, 1918.
  • Turandot, uferdig i 1924 da komponisten døydde, men hadde premiere i 1926 i ein versjon som blei fullført av Franco Alfano.

Andre verk og revisjonar[endre | endre wikiteksten]

(med datoar og stad for urframføringar)

  • Messa (kjend som Messa di Gloria, messe, Lucca, 1880)
  • Preludio Sinfonico in A-dur (Milano, 1882)
  • Capriccio Sinfonico (Milano, 1883)
  • Le Villi (31. mai 1884, Teatro dal Verme, Milano)
  • Le Villi [revisjon] (26. desember 1884, Teatro Regio di Torino)
  • Edgar (21. april 1889, Teatro alla Scala, Milano - 4 akter)
  • Crisantemi (Strykekvartett, 1890, «Alla memoria di Amadeo di Savoia Duca d'Aosta»)
  • Edgar [revisjon] (5. september 1891, Teatro del Giglio, Lucca - 4 akter)
  • Minuetto n.1 (Strykekvartett, utgjeve rundt 1892, «A.S.A.R. Vittoria Augusta di Borbone, Principessa di Capua»)
  • Minuetto n.2 (Strykekvartett, utgjeve rundt 1892, «All'esimio violinista prof. Augusto Michelangeli»)
  • Minuetto n.3 (Strykekvartett, utgjeve rundt 1892, «All'amico maestro Carlo Carignani»)
  • Edgar [2. revisjon] (28. februar 1892, Teatro Comunale, Ferrara - 3 akter)
  • Manon Lescaut (1. februar 1893, Teatro Regio di Torino)
  • La bohème (1. februar 1896, Teatro Regio, Torino)
  • Tosca (14. januar 1900, Teatro Costanzi, Roma)
  • Madama Butterfly (17. februar 1904, Teatro alla Scala, Milano)
  • Madama Butterfly [revisjon] (28. mai 1904, Teatro Grande, Brescia)
  • Edgar [3. revisjon] (8. juni 1905, Teatro Colón, Buenos Aires - 3 akter)
  • Madama Butterfly [2. revisjon] (10. juli 1905, Royal Opera House, Covent Garden, London)
  • Madama Butterfly [3. revisjon] (28. desember 1905, Opéra comique, Paris)
  • La fanciulla del West (10. desember 1910, Metropolitan Opera, New York)
  • La rondine (27. mars 1917, Opéra de Monte-Carlo, Monte Carlo)
  • Il trittico (14. desember 1918, Metropolitan Opera, New York):
    • Il tabarro
    • Suor Angelica
    • Gianni Schicchi
  • Turandot (25. april 1926, Teatro alla Scala, Milano)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Giacomo Puccini