Najaf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Najaf (نجف)
al Najaf, an Najaf
by
Imam Ali Mosque by tasnimnews.com09.jpg
Imam Ali-moskeen i Najaf
Land Flag of Iraq.svg Irak
Wikimedia Commons: Najaf
Kart over Irak med Najaf markert

Najaf (نجف) er ein by i Irak som er provinshovudstad i An Najaf. Najaf er ein av dei mest heilage stadene inna sjia-islam og senter for den politiske makta til sjiamuslimar i Irak. Byen ligg ved Eufrat, noko sør for Karbala og kring 130 km sør for Bagdad. I 2003 hadde han kring 563 000 innbyggjarar.[1]

Najaf voks fram som valfartsstad for sjiamuslimar.[1] I byen ligg Imam Ali-moskeen, der stiftaren av sjia-islam, Ali ibn Abi Talib (ca. 600–661), er gravlagd.[1] I nærleiken ligg òg Wadi-us-salaam, fredsdalen, ein veldig gravplass som skal vera den største i den muslimske verda. Her er fleire profetar er lagt til kvile, og truande ønskjer framleis å bli gravlagd her, slik at dei kan stiga opp med imam Ali på dommedag.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Najaf skal ha blitt grunnlagd i 791 av abbasidekalifen Harun al-Rasjid. Etter kvart er han blitt fylt med skular, bibliotek og sufisenter slik at han blei den viktigaste byen for sjiittisk lærdom og teologi, på linje med Qom i Iran. Mange vidkjende teologar har studert her, til dømes Allameh Tabatabaei, Ayatollah Khomeini og Ayatollah Sistani.

Under det sunnidominerte styret til Saddam Hussein i Irak såg ein på byen med mistru, og det blei lagt band på dei religiøse aktivitetane til sjiamuslimar. Mot slutten av Gulfkrigen i 1991 braut det ut eit stort opprør som blei slege ned av det irakiske militæret.

Då amerikanske styrkar invaderte Irak i 2003 kringsette dei byen, men ønskt ikkje å gå inn i han, av frykt for å få sjiaane imot seg. Rundt ti dagar etter at Bagdad fall gav Najaf opp motstanden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Al Najaf». Store norske leksikon. 14. februar 2009. Henta 5. juli 2018. 
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!