Natalja Antjukh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Natalja Antjukh under friidretts-EM 2010 i Barcelona

Natalja Nikolajevna Antjukh (fødd 26. juni 1981) er ein russisk friidrettsutøvar frå St. Petersburg som vart europameister på 400 meter hekk i 2010 og olympisk meister i same øvinga under Sommar-OL 2012. I 2005 vann ho VM-gull i 4x400 meter stafett for Russland.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Antjukh fekk si fyrste internasjonale medalje i eit utandørsmeisterskap då ho sprang fyrste etappen for Russlands sølvlag på 4x400 m stafett ved EM i friidrett 2002 i München. To år seinare fekk ho bronsemedaljen på 400 meter under Sommar-OL 2004 i Aten, og sprang Russland sitt lag på 4x400 m stafett inn til sølv, vel sekundet bakom USA.

I Helsingfors i 2005 vann Antjukh VM-gull på 4x400 m stafett saman med Julija Petsjonkina, Olesja Krasnomovets og Svetlana Pospelova. Fire år seinare deltok Antjukh på ny for Russland på 4x400 m stafett under eit VM i friidrett, i 2009 i Berlin vart det bronse på Antjukh og lagvenninnene.

Deretter satsa Antjukh på langhekken. Ved EM i friidrett 2010 i Barcelona sette ho meisterskaprekord med 52,92 sekundar på 400 meter hekk og vart europameister, heile 0,9 sekund føre Vanja Stambolova frå Bulgaria. Året etter vann ho bronse både på 400 m hekk og i 4x400 m stafett med Russland.

Under dei olympiske sommarleikane 2012 i London vann Antjukh gullmedaljen etter eit drabeleg opgjer med Lashinda Demus frå USA. I mål skilde det sju hundredels sekund mellom dei to utøvarane; 52,70 mot 52,77. På ankeretappen i 4x400 m stafett sprang Antjukh Russland inn til OL-sølv. Også under VM i friidrett 2013 deltok ho for Russland i 4x400 m stafett, men berre i kvalifiserinsgløpet til finalen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]